Forvilla tysk ranke i Drammen, Buskerud.

Tysk ranke er ein innført plante som vert dyrka som prydplante. Han kjem opphaveleg frå Europa, Nord-Afrika og Kaukasus og er funnen forvilla nokre få stader i låglandet i Sør-Noreg.

Kjenneteikn

Tysk ranke er ein fleire meter lang, veik klengjebusk med motsette blad som er finna med 3–5 om lag heile småblad. Blomane er velluktande, talrike og små med grønleg kvite, butte og petaloide (kronbladliknande) begerblad, ca. 1 cm lange. Kronblad manglar; blomane har ikkje ei bikrone. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Dei motsette blada er finna med  3–5 om lag heile småblad.

Blomane er talrike og små med kremkvite, kronbladliknande begerblad. Bikrone manglar.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Tysk ranke er innført og dyrka som prydplante og blei først funnen som forvilla i 1918. Han er bufast og i auke. Arten veks på skrotemark, i parkar og i hagar, men er òg funnen i skog. Arten er funnen nokre få og spreidde stader i Sør-Noreg: I Oslo, Asker (Akershus), Øvre Eiker (Buskerud), Larvik (Vestfold) og Osterøy (Hordaland). Han er truleg i auke på Austlandet. Tysk klematis er heimleg i Europa nord til Nord-Tyskland, og elles i Nord-Afrika og Kaukasus. Han er mykje naturalisert i Danmark og Sør-Sverige.

Kommentarar

Tysk ranke vert dyrka i avgrensa omfang og mest i nyare tid i bynære område og nære gardar. Erfaringar frå Mellom-Europa (heimleg) og Aust-Sverige (innført og naturalisert) tyder på at den kan bli nokså ekspansiv.

Forvekslingar

Tysk ranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Tysk ranke Clematis vitalba L. www.artsdatabanken.no/Pages/286495. Lasta ned <dag/månad/år>.