Soleiefamilien er ein middels stor plantefamilie som hovudsakleg inneheld urter. På verdsbasis tel familien over 2000 artar; i Noreg gjev vi husly til under 100 av desse, og dei fleste er heimlege. Familien inneheld mange kjende og kjære plantar som til dømes kvitsymre, blåveis og engsoleie (“smørblome”). Vi finn òg mange prydplantar, til dømes i rankeslekta og riddarsporeslekta. Mange av artane er giftige, nokre endåtil dødelege.

Kjenneteikn

Veksemåte

Ranunculaceae omfattar hovudsakleg eitt‑ til fleirårige urter, men òg nokre klengjebuskar i rankeslekta Clematis.

Den fleirårige urten knollsoleie Ranunculus bulbosus.

Den vedaktige klatreplanta alperanke Clematis alpina.

Bladstilling

I Ranunculaceae er blada skruestilte, motsette, kransstilte eller sit i rosett ved grunnen.

Storhjelm Aconitum napellus med skruestilte blad.

Klokkeranke Clematis integrifolia med motsette blad. 

Kvitveis Anemone nemorosa med kransstilte blad.

Muserumpe Myosurus minumus med blad som sit i rosett ved grunnen.

Bladtype

Blada er oftast handflika eller handdelte, stundom heile eller fjørdelte eller samansette.

Storhjelm Aconitum napellus med handdelte blad.

Jomfrugrøn Nigella damascena med fjørdelte blad.

Soleihov Caltha palustris med heile blad.

Akeleiefrøstjerne Thalictrum aquilegifolium med samansette blad.

Blomedekke

Blomedekket er undersitjande, oftast radiærsymmetrisk, men monosymmetrisk i tre slekter (Aconitum, Consolida og Delphinium).

Radiærsymmetrisk blomedekke hos engsoleie Ranunculus acris subsp. acris.

Prakthjelm Aconitum ×cammarum har eit monosymmetrisk blomedekke.

 

Blomedekket kan vere differensiert i kronblad og begerblad, eller udifferensiert med berre éin krans.

Skogsoleie Ranunculus subborealis med blomedekke differensiert i kronblad og begerblad.

Éin krans med blomedekke hos filtsymre Anemone sylvestris. Begerblada er kronbladliknande medan kronblada vantar.

Frukt

Blomen har mange pollenberarar og oftast fleire frie fruktblad (berre eitt hos Actaea). Frukta er ei smånøtt, ein skolmkapsel, ein kapsel (hos Nigella) eller eit bær (hos Actaea).

Blomen til nyresoleie Ranunculus auricomus agg. har fleire frie fruktblad som vert til smånøtter.

Blomen til ballblom Trollius europaeus har fleire frie fruktblad som vert til skolmkapslar.

Slekta trollbær Actaea skil seg ut med at frukta er eit bær (danna av berre eitt fruktblad).

Jomfrugrønslekta Nigella er særprega ved at fruktblada er samanvaksne til ein kapsel.

Evolusjon og systematikk

Soleiefamilien splitta seg tidleg ut frå resten av dei ekte tofrøbladingane. Tidlegare trudde ein ikkje at det doble blomedekket hos nokre slekter i familien var homologt med det doble blomedekket hos andre tofrøbladingar. Dei farga blomeblada blei dels tolka som omdanna pollenberarar (kalla honningblad). Ein har no molekylær støtte for at soleiefamilien, og nærståande familiar (berberisfamilien Berberidaceae og valmuefamilien Papaveraceae), opphaveleg hadde to kransar blomeblad som var differensierte i beger og krone. I soleiefamilien er kransen som er homolog med kronblada, ofte tapt, redusert eller omdanna til nektarium, medan kransen som er homolog med begerblada, ofte er farga og fungerer som skiltapparat (petaloide). Høgblad kan sitje rett under blomen og fungere som eit beger (hos Hepatica) eller vere djupt delte og omslutte blomen (hos Pulsatilla i knopp, og hos Nigella).

Soleiefamilien tilhøyrer orden Ranunculales og er ein basal eudicot familie med over 50 slekter og over 2000 artar på verdsbasis. Det er stort mangfald i morfologiske karakterar i familien, og klassifikasjon og slektskapsforhold har vore mykje omdiskutert og studert. I nokre tilfelle har ein eit val mellom vidt avgrensa slekter eller aksept av fleire mindre slekter (til dømes i Ranunculus med eller utan Ficaria, Halerpestes og Myosurus, og i Anemone med eller utan Anemonoides, Hepatica og Pulsatilla og fleire andre slekter). Siste ordet er truleg ikkje sagt når det gjeld slektsavgrensingane i denne familien.

Utbreiing og bruk

Dei fleste artane er meir eller mindre giftige. Dei har si hovudtyngd i tempererte og boreale strøk på den nordlege halvkula, men nokre grupper er óg sørlege. Mange artar vert dyrka som prydplantar, og nokre har òg vore nytta medisinsk. Familien inneheld mange kjende og kjære plantar; både kvitsymre og blåveis er mellom dei aller første vårteikna.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Emadzade K, Lehnebach C, Lockhart P og Hörandl E (2010). A molecular phylogeny, morphology and classification of genera of Ranunculeae (Ranunculaceae). Taxon 59: 809–828.

Rasmussen DA, Kramer EM og Zimmer EA (2009). One size fits all? Molecular evidence for a commonly inherited petal identity program in Ranunculales. American Journal of Botany 96: 96–109.

Uotila P (2001). Ranunculaceae. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 227–228.

Wang W, Lu A-M, Ren Y, Endress ME og Chen Z-D (2009). Phylogeny and classification of Ranunculales: Evidence from four molecular loci and morphological data. Perspectives in Plant Ecology, Evolution and Systematics 11: 81–110.

Zhai W, Duan X, Zhang R, Guo C, Li L, Xu G, Shan H, Kong H og Ren Y (2019). Chloroplast genomic data provide new and robust insights into the phylogeny and evolution of the Ranunculaceae. Molecular Phylogenetics and Evolution 135: 12–21.

Zhang R, Guo C, Zhang W, Wang P, Li L, Duan X, Qinggao D, Zhao L, Shan H, Hodges SA, Kramer EM, Ren Y og Kong H (2013). Disruption of the petal identity gene APETALA3-3 is highly correlated with loss of petals within the buttercup family (Ranunculaceae). PNAS 110: 5074–5079.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Soleiefamilien Ranunculaceae. www.artsdatabanken.no/Pages/315272. Lasta ned <dag/månad/år>.