Rodnande issoleie fra Akureyri på Island.

Issoleie er ein velkjend, heimleg fjellplante med kvite blomar som seint i bløminga ofte vert raudlege, etter sigande for å kunne fange meir energi frå sola for å hjelpe på fruktmogninga. Han er den karplanten som er funnen høgast opp i Noreg, til 2370 moh. på Galdhøpiggen (Lom, Oppland). I motsetnad til mange andre soleier, er ikkje denne så giftig, og ho er ein populær beiteplante for rein. Arten vert difor òg kalla reinblom, men må ikkje verte forveksla med reinrose i rosefamilien.

Kjenneteikn

Issoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–25 cm høg. Planten er snau, blank og saftfull. Blada er kantete i omriss og delte om lag til grunnen i tre djupt delte og butte hovudflikar. Planten har éin eller nokre få toppstilte blomar. Blomen er stor, det vil seie 2,5–4 cm brei. Kronblada er først kvite, men vert raudfiolette seint i bløminga. Begerblada er brunlodne og ikkje nedbøygde. Både krone og beger sit lenge på. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er snaue og slette, men med tydeleg vengje.

Issoleie er ei snau, blank og saftfull plante som vert opp til 25 cm høg. Blada er kantete i omriss og delte om lag til grunnen i tre butte hovudflikar.

Blomen er stor, og kronblada er først kvite men vert seinare raudfiolette etter at pollineringa er fullførd.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Issoleie veks i snøleie og på fuktig grus, stundom på elve- og bekkekantar i mellomalpint til høgalpint høgdebelte (sjeldsynt i nordboreal og lågalpin) på fastlandet og i sørarktisk til nordarktisk sone i Arktis.  Arten er vanleg i fjellet over mesteparten av landet og på Jan Mayen. Han veks òg nokre stader på Sørkapp Land og i Hornsund på Svalbard. Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert av Gjærevoll (1990). Underarten subsp. glacialis er amfi-atlantisk, medan underarten subsp. alaskensis er amfi-beringisk. Relasjonane mellom den atlantiske og den beringiske rasen vert diskutert hos Yurtsev mfl. (2012). Innvandringa frå Alpane til Nord-Europa vert analysert av Schönswetter mfl. (2003).

Issoleie veks mellom anna på fuktig grus, og er blant dei karplantane som veks høgast til fjells i Noreg.

Issoleie blømer tidleg høgt til fjells; sesongen er kort!

Kommentarar

Issoleie vart ein periode ført til slekta Beckwithia Jeps. Arten er no teken inn i varmen saman med dei andre soleiene att, av di molekylære studiar syner at issoleie er godt omslutta av desse og at ho ikkje er nærskyld med typearten for slekta Beckwithia Jeps. (B. andersonii (A.Gray) Jeps., frå sørvestlege USA).

Forvekslingar

Issoleie har ingen opplagde forvekslingsartar; forveksling med reinrose er ikkje innanfor.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Gjærevoll O (1990). Ranunculus glacialis. I: Gjærevoll O, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 94–95 + pl. XXIX.

Hörandl E, Paun O, Johansson JT, Lehnebach C, Armstrong T, Chen L og Lockhart P (2005). Phylogenetic relationships and evolutionary traits in Ranunculus s.l. (Ranunculaceae) inferred from ITS sequence analysis. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 305–327.

Paun O, Lehnebach C, Johansson JT, Lockhart P og Hörandl E (2005). Phylogenetic relatioships and biogeography of Ranunculus and allied genera (Ranunculaceae) in the Mediterranean region and in the European Alpine System. Taxon 54: 911–930.

Schönswetter P, Paun O, Tribsch A og Niklfeld H (2003). Out of the Alps: colonization of Northern Europe by East Alpine populations of the Glacier Buttercup Ranunculus glacialis L. (Ranunculaceae). Molec. Ecol. 12: 3373–3381.

Yurtsev BA, Murray DF og Elven R (2012). Ranunculus glacialis subsp. alaskensis subsp. nov. (Ranunculaceae), a beringian race of an otherwise atlantic species. Journal of the Botanical Research Institute of Texas 6: 17–24.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Issoleie Ranunculus glacialis L. www.artsdatabanken.no/Pages/286385. Lasta ned <dag/månad/år>.