Gullakeleie er innført som prydplante og er førebels berre funnen forvilla éin stad i Møre og Romsdal i 2017. Arten kjem opphaveleg frå sørvestlege USA og nordvestlege Mexico.

Kjenneteikn

Gullakeleie er ei 30–120 cm høg, fleirårig urt med stengel som er om lag snau eller noko håra øvst. Blada er blågrøne, håra under og to til tre gonger trekopla. Blomane er radiærsymmetriske, opprette og gule. Dei har fem petaloide (kronbladliknande) begerblad og fem røyrforma kronblad med ei lita plate og ein lang, tynn nektarspore som er lite eller ikkje krøkt i enden. Blomen med den lange nektarsporen er tilpassa pollinering av kolibri. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Gullakeleie er innført som prydplante og førebels berre funnen forvilla éin stad, i Ålesund (Møre og Romsdal) i 2017. Arten er heimleg i sørvestlege USA og nordvestlege Mexico.

Forvekslingar

Gullakeleie har ingen opplagde forvekslingsartar når ein ser bort frå den langt vanlegare akeleie A. vulgaris som sjeldan har gule blomar og som har mykje kortare nektarspore (krøkt i enden) tilpassa pollinering av bier heller enn kolibri.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Whittemore AT (1997). Aquilegia Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 249–258.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Gullakeleie Aquilegia chrysantha A.Gray www.artsdatabanken.no/Pages/286501. Lasta ned <dag/månad/år>.