Tiggarsoleie frå Tautra i Nord-Trøndelag.

Tiggarsoleie er ein låg til middels høgvaksen, heimleg plante som er nokså vanleg på Austlandet og i kyststrøk nord til Trøndelag, meir sjeldsynt vidare nordover i Nordland. Han er ein av dei giftigaste artane i soleieslekta. Namnet kjem visstnok av at tiggarar gnei planten i andletet for å få sår og blemmer i håp om å auke medkjensle og soleis òg inntekter.

Kjenneteikn

Tiggarsoleie er ei eittårig urt som vert om lag 5–50 cm høg. Stengelen er opprett og greina og litt håra øvst. Grunnblada er langskafta og nyreforma i omriss, djupt flika med tre (sjeldan fem) flikar. Blomeskafta er riflete. Blomen er knapt 1 cm brei, og dei gule kronblada er om lag jamlange med dei gulgrøne og nedbøygde begerblada. Fruktfestet er snautt eller håra. Smånøttene er talrike og små (ca. 1 mm lange), snaue, med litt rukkete overflate og om lag utan nebb.

Tiggarsoleie har opprett stengel som er greina øvst.

Blomeskafta er riflete. Blomen er liten, knapt 1 cm brei, med gule kronblad som er om lag jamlange med dei gulgrøne og nedbøygde begerblada.

Grunnblada er langskafta og nyreforma i omriss, djupt flika med oftast tre flikar.

Kromosomtal

Arten er di-, tetra- og oktoploid med grunntal x = 8. 2n = 16, 32, 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Den underarten som finst i Noreg (subsp. sceleratus), er truleg berre tetraploid.

Økologi og utbreiing

Tiggarsoleie veks i grøfter og på leirete og sandete strender og tangvoll. Arten veks òg som åkerugras på fuktig leirjord. Han er knytt til nemoral til sørboreal sone, finst hyppig til spreidd på Austlandet og er nokså vanleg i kyststrøk nord til Trøndelag. Vidare finst han spreidd på ytterkysten til Steigen (Nordland). Arten er utbreidd elles i Europa og Nord- og Mellom-Asia (underarten subsp. sceleratus), medan andre underartar eller nærskylde artar finst frå Nordaust-Finland austover i nordlege europeisk Russland og Nord-Sibir til Nord-Amerika.

Tiggarsoleie veks mellom anna i grøfter og, som her, på leirete strender.

Forvekslingar

Tiggarsoleie kan verte forveksla med piggsoleie R. arvensis, men tiggarsoleie har snaue og riflete blomeskaft, medan piggsoleie har lodne og trinne blomeskaft. Smånøttene er dessutan tagga hos piggsoleie. Piggsoleie er truleg utgått frå Noreg og er difor ein lite sannsynleg forvekslingsart!

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Tiggarsoleie Ranunculus sceleratus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286382. Lasta ned <dag/månad/år>.