Gulsymre, den minst vanlege heimlege arten i slekta, her frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Gulsymre er ein heimleg, nokså lågvaksen plante som blømer om våren og som veks i næringsrik, ofte baserik lauvskog spreidd i austlege delar av landet. Han har oftast to gule blomar på kvar stengel.

Kjenneteikn

Gulsymre er ei fleirårig urt med krypande jordstengel. Planten vert ca. 5–30 cm høg. Han har kortskafta eller om lag uskafta stengelblad som er djupt treflika med smale flikar, og som sit i krans på stengelen. Blomane sit to eller meir sjeldan einskilde eller tre saman på stengelen. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), oftast fem i talet, og dei sit i éin krans. Dei er gule og finhåra på undersida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte, og fruktene er snaue smånøtter som vert spreidde med maur.

Stengelblada er kortskafta eller om lag uskafta og djupt treflika med smale flikar. Blomane sit oftast to saman.

Dei kronbladliknande begerblada er gule og oftast fem i talet.

Kromosomtal

Underarten som veks i Noreg, subsp. ranunculoides, er tetraploid med grunntal x = 8 (og nokre aneuploide teljingar). 2n = 32 (31–33). Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale. Underarten som veks i Sibir, subsp. jenisseensis Korsh., er diploid med 2n = 16.

Økologi og utbreiing

Gulsymre veks i næringsrik lauvskog, for det meste i edellauvskog og gråorskog frå boreonemoral til mellomboreal sone. Arten er noko austleg med ei svært oppdelt utbreiing med fleire kjerneområde på Austlandet, i Trøndelag, Nordland og Troms. Arten er òg innført og dyrka som prydplante og forvilla i Oslo, Vestfold, Telemark og Møre og Romsdal. Gulsymre er funnen opp til 440 moh. i Saltdal i Nordland. Underarten som veks i Noreg er heimleg i Europa.

Gulsymre veks ofte i næringsrik lauvskog, her i Verdal.

Kommentarar

Gulsymre har ein noko geografisk strukturert formrikdom, der formene i dei einskilde delområda skil seg frå kvarandre mellom anna i bladform, talet på blomar, blomestorleik og kor håra blomeblada er på undersida. Desse skilnadane kan tyde på at plantane i dei ulike delområda har vore isolerte lenge, kanskje heilt sidan postglasial varmetid for 3000 til 8000 år attende. Denne variasjonen er ikkje greidd ut. Fægri (1996) diskuterer variasjonen og nemner at det kan ha vore to eller fleire ulike bølgjer av innvandring frå aust: éin på Austlandet frå Sør- og Midt-Sverige og éin i Trøndelag frå Jämtland (der arten òg er isolert). Endå meir vanskelege å forklare er førekomstane i Nordland og Troms.

Hybriden mellom gulsymre og kvitsymre A. nemorosa, stundom kalla “halvveis”, har bleikgule blomar. Han er steril, men er funnen i store, vegetativt formeira bestandar i Ringsaker (Hedmark), Østre Toten (Oppland)  og i Verdal (Nord-Trøndelag).

Stundom vert gulsymre og kvitsymre rekna til slekta Anemonoides Mill.

Forvekslingar

Gulsymre liknar på den langt meir vanlege kvitsymra Anemone nemorosa, men har gule og oftast femtalige blomar, ikkje kvite og oftast sekstalige. Blomane sit oftast to saman (sjeldnare einskilde eller tre saman) på kvar stengel, medan kvitsymre har blomane einskilde. Stengelblada er kortskafta eller uskafta hos gulsymre, ikkje langskafta som hos kvitsymre.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1996). Anemone ranunculoides. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 25–26 + pl. 5.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad. 197s.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Gulsymre Anemone ranunculoides L. www.artsdatabanken.no/Pages/286358. Lasta ned <dag/månad/år>.