Huldreblom-artane manglar klorofyll og er difor ikkje grøne, men bleike eller rosa. Dei lever i røynda om lag heile livet under jorda, i samliv med sopp (mykorrhiza), og set berre no og då blomestenglar over jorda. Ein seier at dei er saprofyttar, og det er kanskje riktig at dei nærer seg på nedbrytingsstoff frå sopphyfene, eller ein kan seie at dei er parasittar på soppen.

Kjenneteikn

Sjå under arten.

Økologi og utbreiing

Huldreblom-artane veks i skog med mykje mykorrhiza, som er det dei lever av, det vil seie ofte moserik bar- og lauvskog, og stundom, men ikkje alltid, på baserik grunn. Slekta har fem aksepterte artar og er vidt utbreidd i Europa, Asia (unnateke tørre område), og i tropiske område i Australia og Afrika. I Europa og hos oss er det berre éin art: huldreblom E. aphyllum.

Forvekslingar

Inga forveksling er mogeleg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

 

Siter nettsida som:

Elven R. Huldreblomslekta Epipogium J.G.Gmel. ex Borkh. www.artsdatabanken.no/Pages/325534. Lasta ned <dag.månad.år>.