Breiflangre veks i rik skog i låglandet og dalføra nord til Fi Alta. Om ein støyter på ein stor, men noko fargefattig orkidé i slik skog, er det ofte denne arten.

Kjenneteikn

Breiflangre har ein kort, horisontal eller skråstilt jordstengel og veks ofte i tette, små klonar. Stengelen er opptil 70 cm lang, stundom noko skråstilt, og dette er den mest grovvaksne orkidé-arten i Noreg. Blada er eggforma, skruestilte og blanke på undersida. Klasen er oftast nokså lang og grissen med meir eller mindre lange støtteblad, særleg nedst i klasen, og med ein spreidd håra midtakse. Blomane er noko hengande. Dei ytre blomeblada er 10–13 mm lange og grøne eller litt brunlege. Leppa er sterkt innsnørt på midten. Ho er brun ved grunnen, men den ytre delen er kvitgrøn eller bleikraud og oftast litt breiare enn lang.

Fruktknuten er snau eller berre litt håra (som her), ein skilnad mot raudflangre som breiflangre liknar mest på.

Kromosomtal

Breiflangre er truleg diploid med grunntal x = 18–20(–22) og kromosomtal 2n = 36, 38, 40 (44).

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Breiflangre veks i skog på noko baserik grunn (den eine rasen) og i etablert sanddyne og krattskog på sanddyne (den andre rasen). Arten er funnen i låglandet i storparten av landet nord til Vest-Finnmark i Fi Alta og er bortimot vanleg i mange strøk på Austlandet sør til indre Aust-Agder, på Vestlandet, i Trøndelag og på Helgeland og i Salten. Globalt er arten utbreidd i storparten av Europa, men ikkje i Island, i storparten av Asia sør til Himalaya og Kina, og i Nordvest-Afrika. Han er òg innført og spreidd mange stader i Nord-Amerika.

Kommentarar

Plantane i sanddyne-område på Sørvestlandet skil seg morfologisk frå dei elles i landet. Ein reknar no med at vi har to rasar (underartar) av breiflangre: skogbreiflangre subsp. helleborine og dyneflangre subsp. neerlandica. Ei god framstilling av desse finn ein hos Pedersen og Faurholdt (2010).

Hybridar

Ein hybrid mellom breiflangre (skogbreiflangre) og raudflangre E. atrorubens er funnen i Øf Moss og finst truleg fleire stader. Ein slik hybrid er òg kjent frå Dei britiske øyane.

Forvekslingar

Breiflangre og raudflangre E. atrorubens kan vere like, særleg dersom ein berre finn dei med blad eller i frukt. Breiflangre har blad som er blanke på undersida, blomar som er grøne til brungrøne og der leppa er lysast ytst, og er frå berre speidd håra til om lag snau på midtaksen i blomestanden, blomeskaft og fruktknute. Raudflangre har blad som er matte på undersida, blomar som er purpurraude (sjeldsynt bleike) og der leppa er lysast inst, og ho er tetthåra på midtaksen i blomestanden, blomeskaft og fruktknute. Blada er oftast òg mykje breiare hos breiflangre enn hos raudflangre.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Breiflangre Epipactis helleborine (L.) Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/312220. Lasta ned <dag.månad.år>.