Narrmarihand er ein av dei mest sjeldsynte og geografisk mest begrensa av orkidéar i Noreg. Arten finst berre i eit ørlite område heilt ute på kysten i Aust-Agder, i Grimstad og Lillesand, i det beltet som har mest sams, klimatisk og biologisk, med dei nemorale områda i Mellom-Europa.

Kjenneteikn

Hos narrmarihand sit dei øvre blomeblada saman som ein hjelm, med grønlege striper på utsida.

Narrmarihand er ein nokså lågvaksen plante, opptil 30 cm, med kulerunde knollar og ein opprett stengel med nokre få blomar i eit kort aks. Grunnblada er noko grågrøne, tynne og smalt lansettforma, uflekka, og går gradvis over i slireforma blad oppetter stengelen. Desse slireforma blada ligg i førstninga som ei hylse kring den unge blomestanden. Blomane er store og purpurraude (svært sjeldsynt kvite) med treflika, mørkflekka leppe som vender nedover. Dei fem øvre blomeblada sit saman som ein hjelm og har grøne nervar på utsida. Sporen er sylindrisk og peiker bakover eller noko oppover.

Kromosomtal

Narrmarihand er diploid med grunntal x = 18 og kromosomtal 2n = 36.

Økologi og utbreiing

Narrmarihand veks i nokså tørr grasmark og kratt, oftast i sprekkar i strandberg og strandnære berg på krystallinsk berggrunn, i skjærgården og på nokre få av dei ytste nesa på Agderkysten i AA Grimstad og Lillesand, hovudsakleg konsentrert i éin lokalitetsgruppe i kvar av desse kommunane. Truleg er det ein stad mellom 1600 og 2000 individ i Noreg i dag. Utbreiinga er kartlagt i detalj av Baugen (2003, 2016). Dei norske førekomstane er isolerte. Dei næraste finn ein i søraustre delar av Danmark og i Sverige i Skåne, Blekinge, Öland og Gotland, og her veks arten oftast på kalkrik jord. Han ei eit karakteristisk element i alvar-vegetasjonen på Öland og Gotland. Elles er arten utbreidd over store delar av Mellom- og Sør-Europa, i Nordvest-Afrika og aust til Kaukasus.

Kommentarar

Narrmarihand blei ført over frå Orchis til Anacamptis i 1997 av Bateman, Pridgeon og Chase hos Bateman (1997), bygd på molekylære markørar.

Forvekslingar

Narrmarihand liknar noko på vårmarihand Orchis mascula, med velutvikla blad ved grunnen og berre med slireforma blad oppe på stengelen, og der blomesporen er sylindrisk og noko bøygd oppover. Men narrmarihand har eit mykje meir fåbloma aks enn vårmarihand, og alle dei tre ytre blomeblada saman med dei to sidestilte indre er bøygde saman som ein hjelm. Hjelmen er oftast noko mørkare enn leppa og har grøne nervar på utsida, noko som manglar hos vårmarihand. Knollane hos narrmarihand er om lag kulerunde medan dei er avlange hos vårmarihand.

Kjelder

Bateman RM (1997). Phylogenetics of subtribe Orchidinae (Orchidoideae, Orchidaceae) based on nuclear ITS sequences. 2. Intrageneric relationships and reclassification to achieve monophyly of Orchis sensu stricto. Lindleyana 12: 113–141.

Baugen T (2003). Narrmarihand Orchis morio – en kresen øybeboer. Blyttia 61: 164–170.

Baugen T (2016). Narrmarihand Anacamptis morio, en sterkt truet sørlending – 16 års feltarbeid. Blyttia 74: 49–62.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plant. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + 54 pl.

Siter nettsida som:

Elven R. Narrmarihand Anacamptis morio (L.) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase. www.artsdatabanken.no/Pages/312202. Lasta ned <dag.månad.år>.