I konkurransen om å vere Noregs mest vanlege orkidé, dreg bleikmarihand (og begge underartane innanfor arten) klårt i land sigeren. Dei to underartane, flekkmarihand og skogmarihand, er vanlege over storparten av landet, med eit lite unnatak for Finnmark der skogmarihand er noko meir sjeldsynt. Dette er den orkidé-arten som alle som har vore litt ute i norsk natur, har sett.

Bleikmarihand er truleg den mest vanlege av alle norske orkidéar, og det gjeld begge underartane. Her er flekkmarihand subsp. maculata.

Kjenneteikn

Bleikmarihand kan vere frå ein lågvaksen plante på ca. 10 cm til ein høgvaksen plante på opptil 60 cm. Knollane er djupt 2–4-flika. Stengelen er grann og ikkje innhol. Blada er noko grågrøne på oversida og mykje bleikare på undersida enn på oversida. Dei er uflekka eller flekka på oversida; ofte uflekka hos rasen skogmarihand subsp. fuchsii, men alltid flekka hos rasen flekkmarihand subsp. maculata. Dei nedre og mest velutvikla blada er alltid breiast framom midten, men formen vekslar elles mykje. Nokre plantar har breie blad, andre kan ha påfallande smale blad. Dei er oftast nokså butte og oftast utbøygde. Plantane har ofte eitt eller eit par slireforma blad nedst, 2–4 store blad litt oppe på stengelen, og nokre reduserte blad øvst, men dei øvste blada er ikkje slireforma. Blomestanden er eit ope eller oftare tett aks som er sylindrisk eller som smalnar kjegleforma mot toppen. Støtteblada er nokså store, ikkje hinnetynne, og dei er kvasstanna i kanten. Blomane er relativt store, større enn hos dei andre norske artane av slekta. Blomefargen varierer mykje, frå om lag heilt kvit til mørkt rosa, men aldri purpurraud som oftast hos eng- og kongsmarihand. Rasen flekkmarihand har oftast kvite eller bleikt rosa blomar med mørkare teikningar på leppa. Rasen skogmarihand varierer frå kvite til mørkt rosa blomar, og her er det eit visst samsvar mellom blomefarge og flekkar på blada. Hos plantar med mørke flekkar på blada, er gjerne blomane mørkare rosa. Dei to sidestilte, ytre blomeblada vender utover og er 6–10 mm lange. Leppa er brei og flat og varierer frå om lag uflika til djupt treflika, ein diagnostisk skilnad mellom underartane. Det er òg noko variasjon i kor markerte teikningane på leppa er.

Rotknollane hos bleikmarihand er djupt delte, som hos storparten av Dactylorhiza-artane.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Kromosomtal

Bleikmarihand er diploid og tetraploid med grunntal x = 20 og 2n = 40 og 80. Dei to underartane skil seg i ploidinivå. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Dei to underartane har ulik økologi (sjå desse). Begge er vanlege i stordelen av Noreg, skogmarihand noko mindre vanleg lengst nord. Arten er elles utbreidd i stordelen av Europa, Nord-Asia og i Nordvest-Afrika. Han har truleg den største utbreiinga av alle artar i marihandslekta Dactylorhiza.

Kommentarar

Bleikmarihand har ein diploid og ein tetraploid rase, der dagens teori seier at den tetraploide skyldast ei kromosomdobling frå den diploide (sjå Hedrén mfl. 2001 og Brandrud mfl. 2020). Det eine genomet i arten eller artskomplekset kongsmarihand D. majalis kjem frå diploid D. maculata (skogmarihand subsp. fuchsii).

Arten er vanskeleg å få eit godt greip om. Om det er éin, to eller fleire artar eller underartar, er uvisst. Skogmarihand subsp. fuchsii er diploid med 2n = 40, medan flekkmarihand subsp. maculata er tetraploid med 2n = 80. Hybridar mellom desse skulle vere triploide med 2n = 60, truleg sterile, og dei to underartane skulle ha vore rekna som to ulike artar. Dei to er likevel vanskelege å halde fra kvarandre i norsk materiale. Formrikdomen er stor, kanskje særleg innanfor skogmarihand. Inntil vidare følgjer vi autoritetane og reknar dei som underartar.

Ei lang rekkje artar, underartar og varietetar er namnsette innanfor D. maculata s. lat. Vi er usikre på kor mykje realitet det er bak desse namnsetjingane, men det kan tenkjast at arten blir meir oppsplitta i rasar i framtida.

Forvekslingar

Bleikmarihand skil seg frå dei andre norske Dactylorhiza-artane i fleire karakterar, m.a. at dei mest utvikla blada er breiast framfor midten og i at støtteblada i blomestanden er kvasstanna. Han har òg oftast bleikare blomar enn nokre av dei andre norske artane i slekta.

Hybridar

I og med at bleikmarihand er den mest vanlege arten i slekta i Noreg, er han òg arten med dei fleste rapporterte hybridane. Hybridar er kjende med engmarihand D. incarnata subsp. incarnata frå Austlandet, Trøndelag og No Alstahaug, med dei mange underartane av kongsmarihand D. majalis (sjå desse) frå Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg nord til Troms, med grønkurle D. viridis frå nordlege Austlandet, SF Selje, ST Røros og fleire stader i Troms (der med delpopulasjonar), og med brudespore Gymnadenia conopsea frå Austlandet, Trøndelag og fleire stader i Nord-Noreg nord til Tr Karlsøy.

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.

Siter nettsida som:

Elven R. Bleikmarihand Dactylorhiza maculata (L.) Soó. www.artsdatabanken.no/Pages/312216. Lasta ned <dag.månad.år>.