Engmarihand er ein av dei meir formrike og forvirrande artane av norske karplantar. Vi har førebels inga god formeining om korleis vi skal handsame arten taksonomisk, men vel her å dele han på berre to underartar. Han blir svært ofte forveksla med sine noko meir sjeldsynte slektningar i kongsmarihand-gruppa D. majalis s. lat. Det er litt ugreitt fordi engmarihand er ein nokså vanleg plante på baserike myrar over stordelen av landet, og feilidentifiseringane aukar talet på feil rapportar for dei meir sjeldsynte einingane i kongsmarihand-gruppa.

Kjenneteikn

Blada hos engmarihand er svært smalt lansettforma (smalnar oppover). Blomestanden er tett, med noko mindre blomar enn hos dei andre Dactylorhiza-artane. Her ein plante frå Öland.

Engmarihand kan vere frå ein lågvaksen plante på ca. 10 cm til ein ganske grov plante på opptil ca. 40 cm. Knollane er djupt delte med lange flikar. Blada er friskt grøne på begge sider, anten utan flekkar eller med purpurfarga flekkar på begge sider. Blad som er flekka på begge sider, er eit unikt trekk for denne marihandarten i Noreg. Når det er mykje flekkar, som ofte hos rasen eller morfen blodmarihand, ser ein ikkje den grøne fargen på bladet. Blada er spisse, smalt lansettforma og smalnar oppover om lag frå grunnen. Dei største blada sit nær grunnen av stengelen, men òg blada oppover stengelen er nokså store. Dei øvste blada er ikkje slireforma. Blomestanden er eit kompakt aks med nokså små blomar, mindre enn dei hos dei andre norske Dactylorhiza-artane. Det er oftast fleire blomar i kvart aks hos engmarihand enn hos plantane i kongsmarihand-gruppa D. majalis s. lat. Støtteblada er korte, faste (ikkje hinnetynne) og om lag utan tenner i kanten. Blomefargen varierer mykje, frå gulkvit, lakserosa eller kjøttraud til purpurraud. Dei to sidestilte, ytre blomeblada vender noko oppover. Leppa er lengre enn brei og har nokså rette sidekantar, slik at ho blir rombeforma eller trekanta, stundom grunt treflika. Ho har ulike mønster av mørkare flekkar.

Kromosomtal

Engmarihand er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Engmarihand veks om lag berre på fastmatter og mjukmatter i myr, i strandenger ved ferskvatn og brakkvatn og på våte eller vekselfuktige stader i kysthei, sanddyner (dynetrau) og på grunnlende, om lag alltid på baserik grunn. Det norske namnet “engmarihand” er uhøveleg; dette er ingen engplante, men ein myr- og sumpplante. Hovudutbreiinga er frå låglandet, heilt ned til kysten, opp til skoggrensa, og med nokre førekomstar opp i det lågalpine beltet til ca. 1000 moh. Arten er nokså hyppig på Austlandet, i Midt-Noreg og nord til Sør-Troms. Han er svært sjeldsynt på Sørlandet, her om lag berre kjent frå Lista i VA Farsund, sjeldsynt på sørlege delar av Vestlandet frå Jæren til Hardanger, og han har eit gap i utbreiinga mellom Hardanger og Nordfjord. I nord ligg den til no kjende grensa i Tr Nordreisa og Karlsøy. Den globale utbreiinga er stor og omfattar stordelen av Europa vest til Dei britiske øyane og aust til Kaukasus, og i Asia i Vest-Sibir og sørover til Sentral-Asia og Himalaya.

Kommentarar

Om ein ser bort frå søstermarihand D. sambucina og grønkurle D. viridis, så omfattar dei norske einingane av slekta Dactylorhiza tre grupper: den diploide arten engmarihand med sine rasar, den diploide og tetraploide arten bleikmarihand D. maculata med sine rasar, og den tetraploide arten kongsmarihand D. majalis med sine rasar. Dei tetraploide einingane av kongsmarihand er allopolyploidar oppkomne ved kromosomtalsdobling etter hybridisering, med eitt genom frå engmarihand og eitt frå diploid bleikmarihand (det vil seie skogmarihand subsp. fuchsii), sjå, mellom andre, Hedrén mfl. (2001) og Brandrud mfl. (2020). Variasjonen i kongsmarihand heng truleg saman med at dei einskilde rasane er bygde på hybridar mellom ulike rasar i engmarihand og til dels i bleikmarihand.

Variasjonen innanfor engmarihand er eit område kor felterfaringar og molekylære data er noko i motsats til kvarandre. Feltbiologar ser stor ulikskap og tenderer til å sjå mange artar, medan molekylære biologar ser nokre få, grunnleggjande genom og kombinasjonar av desse. Det er truleg, eller i det minste mogeleg, at nokre av dei genetisk begrunna hovudeiningane blir meir delte opp om ein analyserer dei med meir differensierandre molekylære markørar.

Hovudvariasjonen i arten engmarihand er mellom plantane i hovudområda på Austlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg på den eine sida og dei i kystområda i Sørvest-Noreg frå VA Farsund til Ro Karmøy på den andre sida (vi held førebels plantane i Hardanger unna). Desse to gruppene blir no handsama som to underartar: dei første som grasmarihand subsp. incarnata, dei siste som dynemarihand subsp. coccinea. For skilnadar mellom desse to, sjå underartane.

Forvekslingar

Engmarihand kan berre bli forveksla med rasane av kongsmarihand D. majalis. Hovudskilnadane ligg i bladformen, blomestanden og støtteblada. Medan engmarihand har blad som er breiast nedst og jamt smalnar oppover, har rasane av kongsmarihand anten smalt jambreie blad hos smalmarihand subsp. sphagnicola eller blad som er breiast meir eller mindre kring midten hos dei andre. Blomestanden hos engmarihand er tett og med små blomar, medan den hos kongsmarihand er meir grissen og med tydeleg større blomar. Leppa er nokså flat hos engmarihand, medan ho oftast er noko nedbøygd på begge sidene hos kongsmarihand. Støtteblada er utan tydelege tenner i kanten hos engmarihand, medan kanten er rundtanna eller kvasstanna hos rasane av kongsmarihand.

Hybridar

Med unnatak for søstermarihand kryssar artane av slekta Dactylorhiza seg lett med kvarandre og stundom med artar av andre slekter. Det blir oftast berre funne einskilde plantar av hybridane, og dei er mest truleg sterile. Men av di det er vanleg at to eller fleire Dactylorhiza-artar veks saman, er hybridar ikkje sjeldsynte, om ein ser etter dei. For engmarihand er det kjent hybridar med skogmarihand D. maculata subsp. fuchsii frå spreidde stader på Austlandet, i Trøndelag og i Nordland; med lappmarihand D. majalis subsp. lapponica frå mange stader i dei same områda; med purpurmarihand D. majalis subsp. purpurella i SF Selje (her frå først av namnsett som stormarihand D. praetermissa), MR Smøla og kanskje Ro Hå; med smalmarihand D. majalis subsp. sphagnicola nokre stader på Austlandet; og med brudespore Gymnadenia conopsea i ST Røros og No Hattfjelldal.

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Engmarihand Dactylorhiza incarnata (L.) Soó. www.artsdatabanken.no/Pages/312215. Lasta ned <dag.månad.år>.