I noko baserike skogar i Noreg er skogmarihand den mest hyppige orkidéen ein ser. I nokre område er planten så vanleg at ein må trø han ned overalt der ein går i skogen, noko ein ikkje gjerne gjer med orkidéar. Han er òg ofte å sjå i veggrøfter og er nok den orkidéen ein oftast ser frå bil.

Skogmarihand er ein vanleg plante i storparten av Noreg, men her er biletet frå lia under Hamrafjället i Härjedalen.

Kjenneteikn

Skogmarihand er oftast ein nokså høgvaksen plante. Han har blad som kan vere flekka eller uflekka og som oftast er utbøygde. Aksa er oftast rikbloma. Blomane er bleikfiolette, noko meir sjeldan kvite, men alltid med fiolette mønster på leppa. Leppa er alltid tydeleg treflika, med ein midtflik som er tydeleg trekanta og like lang som eller ofte lengre enn sideflikane. Plantar med mørkflekka blad har oftast meir farga blomar enn dei med uflekka blad.

Dei mest velutvikla blada sit godt oppe på stengelen, og dei er breiast utanfor midten (smalt omvendt eggforma).

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Akset er stort og ofte riktbloma, med rosa til kvite blomar med brei, tydeleg treflika leppe og mykje mørke merke.

Flekkane på blada hos skogmarihand er ofte litt utdregne på tvers av bladet. Uflekka plantar er òg vanlege.

Kromosomtal

Skogmarihand er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Skogmarihand er ein nokså vanleg plante i noko baserik skog i om lag heile landet, men meir sjeldsynt i Finnmark. Han veks òg i myr, særleg i myrkantar, og i noko fuktig hei ut mot kysten. Han har funne seg ein ny veksestad i veggrøfter, der han ofte veks i store, tette bestandar som ein lett ser når ein køyrer forbi dei. Han er nokså vanleg i det meste av landet opp i fjellskogen og nord til Aust-Finnmark, men er spreidd til sjeldsynt i kyststrøk i Østfold og frå Agder til Sunnfjord. I Rogaland er han berre funnen i Hjelmeland, Suldal og Sauda. Han er funnen opp i snaufjellet nokre få stader, opp til 1120 moh. i Op Nordre Land. Den globale utbreiinga omfattar store delar av Europa og Sibir.

Skogmarihand er ein plante ein ofte ser frå bil, av di han svært ofte veks i store bestandar i vegkantar, her i Sel i Gudbrandsdalen.

Kommentarar

Hovudproblemet med skogmarihand er korleis ein skal avgrense rasen frå flekkmarihand. Former som ein ikkje kan plassere i den eine eller andre rasen, er svært vanlege. Anten er vår avgrensing av rasane feil, eller så er mellomformer vanlege. Det siste er ikkje sannsynleg dersom dei to rasane er på ulike kromosomtalsnivå. Mellomformer burde då vere sterile og ikkje forme populasjonar, slik dei gjer.

Forvekslingar

Hovudskilnaden frå flekkmarihand subsp. maculata ligg i leppa. Hos skogmarihand er midtfliken nokså smalt trekanta og om lag jambrei med og lengre enn dei to sideflikane; hos flekkmarihand er midtfliken på leppa breitt trekanta eller avrunda, mindre og oftast kortare enn dei to sideflikane. Sporen hos skogmarihand er tjukkare (ca. 2 mm tjukk) enn hos flekkmarihand (ca. 1 mm tjukk). Skogmarihand er om lag alltid meir høgvaksen enn bleikmarihand. Og skogmarihand veks alltid på noko baserik jord, noko flekkmarihand ofte ikkje gjer. Elles kan ein notere seg at plantar med uflekka blad, alltid er skogmarihand.

Siter nettsida som:

Elven R. Skogmarihand Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii (Druce) Hyl. www.artsdatabanken.no/Pages/325522. Lasta ned <dag.månad.år>.