Furuslekta Pinus har, med meir enn 120 aksepterte artar i verda, det største artstalet og den største utbreiinga av alle slektene i furufamilien. Utbreiinga strekkjer seg frå tropiske åsar og fjell til den polare skoggrensa, både i Eurasia og Amerika.

Kjenneteikn

Artane av furuslekta er anten store, einstamma tre eller, hos nokre få, fleirstamma buskar. Dei har sprikjande, oftast tjukke greiner som sit i svært tydelege og regelrette kransar. Borken flaknar tidleg av i tynne eller tjukkare flak. Nålene sit enkeltvis på det ferske skottet hos frøplantar, dei nye årsskotta, men 2–5(–8) saman i buntar på alle dei eldre skotta. Dei sit på tjukke, tydelege kortskott. Nålene er trinne eller noko renneforma, spisse og med to eller fleire harpikskanalar. Nokre artar har stive nåler, andre mjuke nåler. Hokonglene er eggforma, tønneforma eller avlange, står ut frå kvisten eller er hengande, og dei mognar først 2–3 år etter at frøemna er befrukta. Dekkskjela er små, mykje kortare enn kongleskjela og synast ikkje på mogne kongler. Kongleskjela er tjukke, forveda, og den delen som stikk ut på umogne kongler, apofysen, har ei anna form enn resten av skjelet og har ein utstikkande navle, umbo, stundom som ein pigg eller torn. Frøa har anten ei vengje og blir spreidde med vind, eller dei er utan vengje og blir plukka fram og spreidde med fugl, ofte lavskrike, nøtteskrike eller nøttekråke, eller med pattedyr, oftast ekorn. Hos desse furuartane opnar kongla seg ikkje.

Økologi og utbreiing

Furuslekta har truleg det største spennet i veksestader av alle slektene av bartre, både i Noreg og globalt. Slik som i mange andre bartre-slekter, er det nokså få, men vidt utbreidde artar i dei boreale sonene, og mange fleire, men mykje meir lokale, artar lenger sør. Ho veks på alt frå surjord til rein kalk, frå myrtuver til knusktørre kollar og fjellsider, og frå grensa mot Arktis sør til sumpmarker og subtropiske kratt i Florida, Karibia og Mellom-Amerika og til fjellskog på Sumatra i Indonesia. Hovuddelen av barskog i dei tørre åsane og fjella kring Middelhavet er til dømes furuskog. Storparten av furuartane er meir lyselskande enn andre bartre, og furuskogen og furukratta er ofte meir opne og med meir undervegetasjon enn anna barskog.

Slekta har meir enn 120 artar globalt, med mange artar på alle nordlege kontinent. Artsavgrensingane er ofte uklåre i furuslekta. Det er difor vanskeleg å sette eit absolutt tal for antal artar. I Europa er det ca. 10 artar, 11 om ein reknar med Pinus canariensis på Kanariøyane (som meir er ein del av Afrika). Den einaste arten som er heimleg i Noreg, er furu Pinus sylvestris. Minst sju artar er innførte frå lenger sør i Europa, frå Asia og Nord-Amerika, og har forvilla seg, anten som skogstre eller som prydplantar. Nokre fleire er dyrka, men har ikkje forvilla seg (enno). To av dei innførte artane spreier seg raskt og mykje i norsk natur: vrifuru Pinus contorta og bergfuru Pinus mugo.

Kommentarar

Gaussen mfl. (1993) reknar med to underslekter. I underslekta Pinus sit det om lag alltid to (eller tre) nåler i kvar bunt, nålene har to leiingsstrengar, og apofysen og umbo er ryggstilt på kongleskjelet. I underslekta Haploxylon (eller Strobus) sit det (oftast) fem nåler i kvar bunt, nålene har berre éin leiingsstreng, og apofysen og umbo er toppstilt på kongleskjelet. Frø utan vengje førekjem i begge underslektene, til dømes hjå pinje Pinus pinea i underslekt Pinus og hjå sembrafuru Pinus cembra i underslekt Haploxylon.

Ei noko meir detaljert inndeling av denne store slekta blir også brukt. Da reknar ein med to underslekter – underslekt Pinus og underslekt Strobus – og fleire seksjonar og underseksjonar. Denne inndelinga har mykje for seg av di ho samsvarar godt med variasjonen i morfologiske kjenneteikn.

Underslekt Pinus omfattar i denne inndelinga artane med buntar med to eller tre nåler. Seksjon Pinus omfattar eurasiatiske og mediterrane artar. Både furu, svartfuru og bergfuru høyrer til i underseksjon Pinus. Mange av middelhavsartane, mellom anna pinje Pinus pinea, saman med kanarifurua Pinus canariensis og ei beslekta Himalaya-furu Pinus roxburghii, høyrer til underseksjon Pinaster (pinje er den einaste i denne underseksjonen med frø utan vengje, kjøkkenets “pinjekjernar”, men dei pinjekjernene som blir selde i Noreg i dag, kjem nok mest frå ein annan art, Pinus koraiensis). Seksjon Trifoliatae er ein amerikansk seksjon, med vrifuru Pinus contorta og banksfuru Pinus banksiana i underseksjon Contortae.

Underslekt Strobus omfattar artane med buntar med fem nåler og blir delt på to seksjonar. Seksjon Parryae har tre subseksjonar i sørvestlege USA og Mexico. Seksjon Quinquefoliae er disjunkt mellom Eurasia og Nord-Amerika, med tre underseksjonar, to med austasiatiske artar og underseksjon Strobus med sembrafuru Pinus cembra i Mellom-Europa, sibirsk sembrafuru Pinus sibirica i Nordaust-Russland og Sibir, silkefuru Pinus peuce på Balkan, og weymouthfuru Pinus strobus i austlege Nord-Amerika.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Gaussen H mfl. (1993). Pinus L. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 373–398. Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Furuslekta Pinus L. www.artsdatabanken.no/Pages/304048. Lasta ned <dag.månad.år>.