Kjempeedelgran er eit storvaksent, raskt veksande og langlevd tre. Ho er innført frå vestlege Nord-Amerika som skogstre og prydtre og er funnen forvilla nokre få stader i Noreg.

Kjempeedelgran kan bli over 100 m høg i heimlandet, men ikkje så stor her i Ringve botaniske hage i Trondheim.

Kjenneteikn

Kjempeedelgran er eit stort tre på opptil 30 m i Noreg, men ho kan bli over 100 m høg i Nord-Amerika. Unge stammar har grå til gråbrun bork. Unge kvistar er trinne, olivengrøne til olivenbrune, og med bleikbrune til raudbrune hår. Knoppane har mykje harpiks. Nålverket er friskt til mørkt grønt på oversida. Nålene står meir eller mindre horisontalt ut frå kvisten i to rekkjer på kvar side. Nålene i dei øvre rekkjene er, som hos edelgran Abies alba, kortare enn dei i dei nedre. Nålene er 2–6 cm lange og utranda. Nåloversida er blankt friskt til mørkt grøn, med ei tydeleg renne og utan spalteopningar. Nålundersida har to breie, kvitlege band, kvart med 6–10 striper med spalteopningar. Nålene har epidermale harpikskanalar. Konglene er 5–12 cm lange. Kjempedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålverket hos kjempeedelgran er friskt grøn, utan spalteopningar, og med ei renne langsetter nåla. Nålene står ut til to sider i fire litt utydelege rekkjer. Nålene dekker ikkje kvisten på oversida (eller undersida).

Undersida av nålverket hos kjempeedelgran er svært bleik, på grunn av at kvar nål har breie, kvitlege band med spalteopningar.

Vinterknoppane hos kjempeedelgran har mykje harpiks, ein diagnostisk skilnad frå edelgran (A. alba).

Kromosomtal

Kjempeedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Kjempedelgran er innført som skogstre, men òg stundom som prydtre. Arten er skuggetolande som ung, men krev meir lys med alderen. Kjempeedelgran vart først rapportert som forvilla i 1981, men er truleg bufast. Ho er funnen i Oslo og Akershus. Rapportar om funn frå Telemark og Vest-Agder er meir usikre.

Den heimlege utbreiinga er i kystnære og fuktige, subalpine barskogar i vestlege Nord-Amerika frå British Columbia i nord til Oregon og nordlege California i sør.

Kommentarar

Artsepitetet “grandis” syner til at kjempeedelgran er den edelgranarten som veks seg høgast. To rasar av kjempeedelgran er beskrivne, var. grandis og var. idahoënsis Silba. Den første har ei kystnær utbreiing, den andre ei meir kontinental utbreiing, men desse rasane er ikkje godtekne i den nordamerikanske standardfloraen (sjå Hunt 1993).

Forvekslingar

Kjempeedelgran og stillehavsedelgran Abies amabilis kan berre bli forveksla med edelgran Abies alba. Desse er dei tre einaste edelgran-artane, av dei som er funne i Noreg, med eit nokså flatt nålverk der nålene sit i fire nokså tydelege rekkjer. Stillehavsedelgran og kjempeedelgran skil seg frå edelgran i at knoppane har mykje harpiks, hos edelgran er dei utan harpiks, og i at harpikskanalane i nålene er epidermale, hos edelgran er dei mediale. Edelgran står nokså langt frå dei to andre systematisk. Stillehavsedelgran skil seg frå kjempeedelgran i at dei unge kvistane er gråbrune og tetthåra, mot raudbrune og lite håra hos kjempeedelgran.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kjempeedelgran Abies grandis (Douglas ex D.Don) Lindl. www.artsdatabanken.no/Pages/285859. Lasta ned <dag.månad.år>.