Kanadahemlokk er innført som prydtre og kjem frå austlege Nord-Amerika. Det finst mange kultivarar av kanadahemlokk med ulik vekstform. Arten er førebels lite forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Kanadahemlokk er eit mindre tre som blir opptil 7 m i Skandinavia, men han kan bli opptil 30 m i Nord-Amerika. Toppskotta er nikkande. Nålene er mjuke, flate, smalnar mot toppen og står mest ut til to sider. Dei har mørkgrøn overside utan spalteopningar og nokså smale, kvite band av 4–6 (8) striper med spalteopningar på undersida. Oversida av kvisten har ei rekkje av omsnudde nåler som syner kvitsida opp. Konglene er kortskafta, hengande og små (1,5–2,5 cm lange). Kanadahemlokk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Greinverket hos kanadahemlokk er avflata og mørkgrønt på oversida.

Eit særtrekk hos kanadahemlokk er at det på oversida av kvistane sit ei rekkje av omsnudde nåler som viser kvitsida opp.

På undersida er nålverket hos kanadahemlokk bleikgrønt på grunn av breie band med spalteopningar.

Konglene hos kanadahemlokk er små, sit på korte skaft, og er hengande.

Kromosomtal

Kanadahemlokk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Kanadahemlokk er innført som prydtre. Arten er førebels berre funnen forvilla i skog i Nannestad i Akershus i 2007, men forvillingar kan vere noko oversette. Kanadahemlokk er svært skuggetolande og former i Nord-Amerika ofte reine bestandar av tre av om lag same alder. Desse kan bli så tette at dei er utan botnvegetasjon. Arten er lite næringskrevjande og knytt til eit kjølig og fuktig klima.

Den heimlege utbreiinga er i eit breitt belte i austlege Nord-Amerika frå Minnesota i nord, til Nova Scotia i aust og smalnar av mot sør til Georgia og Alabama.

Kommentarar

Historia om kanadahemlokk i Nord-Amerika er ei historie om tilbakegang og daude. Bartrelusa Adelges tsugae, innkomen frå Asia til Nord-Amerika, er ein trussel mot kanadahemlokk. Denne lusa går òg på asiatiske Tsuga-artar, men desse er mykje meir resistente mot ho enn det kanadahemokk er.

Forvekslingar

Kanadahemlokk kan bli forveksla med andre hemlokkartar. Her i landet er det tale om vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla og fjellhemlokk Tsuga mertensiana. Kombinasjonen av sitjande kongler og nåler til to sider på undersida av kvisten skil vestamerikansk hemlokk frå dei to andre. Kanadahemlok har òg nåler til to sider på undersida av kvisten, men konglene er kortskafta. Kanadahemlokk er den einaste av desse artane med ei rekkje av nåler som sit parallelt med greina på oversida av ho, og som er omsnudde og syner kvitsida opp. Hos fjellhemlokk sit nålene sit kring heile kvisten og er grågrøne (med spalteopningar) på alle sider, medan dei er reint grøne på oversida hos vestamerikansk hemlokk og kanadahemlokk.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Tsuga_canadensis.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Tsuga (Endlicher) Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 362–365.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kanadahemlokk Tsuga canadensis (L.) Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/285844. Lasta ned <dag.månad.år>.