Kvitgran (saman med svartgran) er det dominerande treslaget nordover mot den polare skoggrensa i Nord-Amerika, men her dyrka på Eberg i Trondheim.

Kvitgran er heimleg i Alaska, Canada og nordlege delar av USA. Ho er truleg eitt av dei fire mest hardføre og nøysame bartrea på jorda, saman med svartgran Picea mariana og to lerkartar, og ho dannar den polare skoggrensa saman med svartgran i heile Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Kvitgran kan bli eit stort tre på opptil 50 m. Unge kvistar er snaue eller med nokre få hår, men er lite eller ikkje kjertelhåra. Nålene er firkanta i tverrsnitt med tydelege striper med spalteopningar på alle sider, og nålverket er difor blågrønt. Nålene er 8–18 mm lange, butte til litt tilspissa, og dei er oppbøygde på oversida av skottet. Konglene er oftast berre 3–6 cm lange og kanelbrune. Kongleskjela er tjukke, runde og heile i kanten. Konglene fell av etter 1–2 år. Kvitgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Granartane, her kvitgran, har meir jamn bork enn furu. Legg også merke til kransstilte greiner.

Nålene hos kvitgran er lyst blågrøne (av spalteopningar) og butte eller litt tilspissa. Unge kvister er snaue eller om lag snaue.

Konglene hos kvitgran har faste kongleskjel som er jamt avrunda i toppen.

Kromosomtal

Kvitgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Kvitgran er òg i spreiing ut i norsk natur, her på Orresanda på Jæren.

Kvitgran er ein svært hardfør art. Han toler godt både frost og tørke, og han har lågare krav til næring i jordbotnen enn vår heimlege gran. Han kan difor vekse i kaldare og meir næringsfattige skog- og heitypar enn vår gran, og i tillegg kan han vekse på myr. Kvitgran vart innført til Noreg som hardført skogstre og prydtre, og til leplanting. Arten vart først rapportert som forvilla i 1911 og er bufast. Han er planta i eit avgrensa omfang i Noreg, men er truleg planta i alle fylke, og han er frøforvilla, stundom langt frå plantingar, i skog og kystlynghei i Noreg. Han er funnen spreidde stader i heile landet nord til Hadsel i Nordland. Kvitgran er knytt til dei boreale sonene, men kan etablere seg òg i den boreonemorale sona.

Kvitgran kjem frå nordlege Nord-Amerika der arten har ei vid utbreiing frå Alaska i vest til Newfoundland i aust. Kvitgran og svartgran er treslaga i den nordlege granskogen på permafrost i Nord-Amerika, til dels på svært våt mark, i den sumpskogen som blir kalla “muskeg”.

Kommentarar

Kvitgran kryssar seg med sitkagran, og denne hybriden blir kalla lutzgran Picea ×lutzii og er fullt frøfertil. Hybridisering skjer spontant der kor foreldreartane møter kvarandre i kystnære område i delar av Alaska, Yukon Territory og British Columbia.

Forvekslingar

Kvitgran kan bli forveksla med andre innførte artar av gran, først og framst blågran Picea pungens og engelmannsgran Picea engelmannii. Alle desse tre har matte nåler som er grågrøne til blågrøne. Kvitgran har meir eller mindre tiltrykte knoppskjel, medan blågran har tilbakebøygde knoppskjel. Engelmannsgran har unge kvister med tydelege kjertelhår. Karakterkombinasjonen med unge kvistar som oftast er snaue, men som kan ha nokre få kjertelhår, og kongleskjell som er heile i kanten, er karakteristisk for kvitgran.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kvitgran Picea glauca (Moench) Voss. www.artsdatabanken.no/Pages/285835. Lasta ned <dag.månad.år>.