Svartgran er utbreidd som heimleg i Alaska, storparten av Canada og noko inn i dei nordlegaste delane av sjølve USA frå Minnesota og Wisconsin aust til Maine. Svartgran er truleg eitt av dei fire mest hardføre og nøysame bartrea i verda. Ho dannar polar skoggrense saman med kvitgran i heile Nord-Amerika. I Noreg er ho lite dyrka og svært lite forvilla.

Svartgran er et nokså lurvete tre, her i restane etter Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim.

Kjenneteikn

Svartgran blir eit mellomstort tre. Unge kvistar er finhåra. Toppknoppane på kvistene har fleire skjel nedst på knoppen med lange, sylforma spissar. Nålene er firkanta i tverrsnitt, mørkgrøne til blågrøne, og butte. På oversida har dei 2 band med spalteopningar, kvart med 1–3 striper, på undersida 2 band, kvart med 3–4 striper. Konglene er små, (2–)3–5 cm lange, og med tjukke kongleskjel med avrunda, heil eller svakt tanna kant. Konglene heng på i mange år utan å opne seg, i påvente av ein skogbrann då dei opnar seg og spreier frøa. Svartgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Svartgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Svartgran toler godt både frost og tørke. Ho kan dessutan vekse i kald og næringsfattig skog, hei og myr der vår heimlege gran ikkje kan vekse. Svartgran er innført som skogstre til Noreg, men truleg i lite omfang. Ho vart først rapportert som forvilla i 2015, og det er uvisst om ho er bufast enno. Ho er funnen nokre få stader i Hedmark, Telemark og Møre og Romsdal, men kan vere oversett. Ho er knytt til dei boreale sonene.

Arten kjem frå nordlege Nord-Amerika og er utbreidd i eitt breitt belte frå Newfoundland og Maine i aust til Alaska i vest. Han går inn, saman med kvitgran Picea glauca, i nordamerikansk sumpskog på permafrost (“muskeg”).

Forvekslingar

Svartgran kan bli forveksla med andre artar av gran, særleg med kvitgran Picea glauca og engelmannsgran Picea engelmannii, men ho er unik i å ha fleire sylforma skjel ved grunnen av toppknoppane på kvisten.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Svartgran Picea mariana (Mill.) Britton, Sterns & Poggenb. www.artsdatabanken.no/Pages/285838. Lasta ned <dag.månad.år>.