Nobelgran er ein art som truleg mange i Noreg har sett noko av. Arten er mykje planta som skogstre og som prydtre, men kanskje særleg for produksjon av pyntegrønt. Mykje av det grågrøne pyntebaret som ein finn i handelen til jul, kjem frå denne arten, eller frå den nære slektningen praktedelgran. Han er òg nokså ofte forvilla.

Dette vesle treet på ein setervoll i Røros, er eit ungtre av nobelgran, ein art som kan bli over 70 m høg i heimlandet.

Kjenneteikn

Nobelgran kan bli eit svært stort tre, i heimlanda opptil 70(–85) m høgt og med ein stammediameter på opptil 2,5(–3) m. I Noreg er det berre kjent tre opptil 30 m høge. Unge stammar har bleikt sølvgrå til grå bork. Unge kvistar er grunt furete, bleikt raudbrune, og har raudbrune til purpurbrune hår. Knoppane har litt harpiks opp mot toppen, men mindre enn hos mange andre edelgran-artar. Nålverket er blågrønt til grågrønt på begge sidene. Nålene bøyer seg opp kring heile kvisten slik at undersida av kvisten er synleg, men oversida dekt. Eit særtrekk for denne arten er eit sett med korte nåler som ligg parallelt inntil oversida av kvisten, med utbøygd topp. Eit anna særtrekk for denne arten, og for Abies magnifica, er at nålene er tiltrykte nedst og bøyer seg ut i ein S-form. Nålene er 1–4 cm lange, smale (1–2 mm breie), og butte eller litt utranda i enden. Oversida har ei tydeleg renne. Begge sidene er grågrøne til blågrøne med mange striper med spalteopningar, og der kvart band på undersida har 4–8 striper. Harpikskanalane er epidermale. Konglene er 10–20 cm lange. Nobelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Her ser ein nålgrunnen som ligg inntil kvisten, og nålene som bøyer seg S-forma utover.

Her er undersida av kvisten synleg på nobelgran. Legg også merke til at nålfestet ligg inntil kvisten.

Nålene bøyer seg opp kring heile kvisten, slik at undersida av kvisten er synleg, men oversida heilt dekt, som her.

Nålverket hos nobelgran kan vere grønt på oversida, som her, eller meir blågrønt.

Kromosomtal

Nobelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Nobelgran er innført som skogstre og prydtre og er mykje dyrka. Arten vart først rapportert som forvilla i 1960, er bufast og truleg i auke som forvilla. Han er funnen spreidde stader på Austlandet inn til Stange i Hedmark og Gjøvik i Oppland, men meir hyppig i kyststrøk til Tingvoll i Møre og Romsdal, og dessutan i Trondheim i Sør-Trøndelag og Bodø i Nordland. Han er truleg mykje oversett, men veks i nemoral til sørboreal sone.

Som heimleg har nobelgran ei nokså kompakt utbreiing i fjella i Cascades og Coast Ranges langsmed Stillehavet i vestlege Nord-Amerika, frå Washington sørover gjennom Oregon og til nordvestlege California.

Kommentarar

Det vitskaplege namnet, ‘procera’, tyder høgvaksen, og nobelgran er den mest grovvaksne og høgvaksne av alle edelgran-artar. Systematisk høyrer nobelgran til den vesle seksjonen Nobilis, med berre dei to artane nobelgran og praktedelgran Abies magnifica, begge frå kystfjella i vestlege Nord-Amerika. Seksjonen er kjenneteikna ved at nålverket er blågrønt eller grågrønt, med mange, samanhengande striper av spalteopningar på begge sider av nålene, nåler der grunnen er tiltrykt kvisten og som bøyer seg S-forma utover, og knoppar med lite eller inkje harpiks.

Forvekslingar

Dei einaste andre artane av edelgran i Noreg med grågrønt eller blågrønt nålverk, er fjelledelgran Abies lasiocarpa, praktedelgran Abies magnifica og koloradoedelgran Abies concolor. Koloradoedelgran og fjelledelgran har knoppar som er heilt dekte med harpiks. Nobelgran og praktedelgran har knoppar utan eller med lite harpiks. Nobelgran skil seg frå praktedelgran i at nålene hos nobelgran har ei tydeleg grop på oversida og i at dei nedste knoppskjela er håra heilt ut til kanten, medan praktedelgran ikkje har grop eller berre ei utydeleg grop på oversida av nålene, og i at dei nedste knoppskjela er håra på midten, men snaue ut mot kantane. Dei korte, tiltrykte nålene på oversida av kvisten hos nobelgran skil òg godt mot praktedelgran.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Nobelgran Abies procera Rehder. www.artsdatabanken.no/Pages/285856. Lasta ned <dag.månad.år>.