Skognattfiol er den underarten som utgjer hovudtyngda av nattfiol i rik lauv- og barskog på Austlandet.

Kjenneteikn

Skognattfiol er meir høgvaksen enn heinattfiol, oftast meir enn 33 cm høg (dei detaljerte måla er tekne frå Pedersen og Faurholdt 2010). Blomestanden er grissen, med lang avstand mellom blomane som oftast er festa 6–25 mm frå kvarandre. Leppa er 12–14 mm lang på dei nedre blomane. Nektarsporen er 25–40 mm lang.

Blomane hos skognattfiol sit ikkje så tett saman som hos heinattfiol, oftast meir enn 5 mm frå kvarandre, noko som gjer at akset blir meir grissent.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Sporen hos skognattfiol er mykje lengre enn hos heinattfiol, meir enn 23 mm lang. Her ser ein òg at fruktknuten er vridd 180°, det som gjer at leppa vender nedover hos storparten av orkidéane.

Kromosomtal

Skognattfiol er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Skognattfiol veks oftast i frodig skog på noko baserik grunn, særleg i edellauvskog. Han er nok noko meir basekrevjande enn heinattfiol. Utbreiinga er ikkje særleg godt kjent, men rasen er no dokumentert på Sørlandet og Austlandet frå VA Flekkefjord nordover til He Engerdal og Op Øyer. I lågare delar av Austlandet er skognattfiol meir hyppig enn heinattfiol. Det er fleire rapportar i Artskart av skognattfiol frå Vestlandet og Trøndelag, men dei som er følgde av fotografi, er opplagte heinattfiol. Førebels reknar vi difor skognattfiol som ein austlending. Dei to underartane er ikkje utgreidde elles i Europa og Asia, og vi veit ikkje noko om den globale utbreiinga.

Forvekslingar

Skognattfiol skil seg frå heinattfiol først og framst i lengda på sporen; hos skognattfiol er han meir enn 23 mm lang, hos heinattfiol er han opptil 23 mm lang. Akset er òg mykje meir grissent hos skognattfiol enn hos heinattfiol. Hos skognattfiol er blomane oftast festa 6–25 mm frå kvarandre, hos heinattfiol oftast berre 2–5 mm frå kvarandre. Desse måla kan synest vere svært tekniske, men dei gjer at blomestandane ser så ulike ut at ein kan identifisere underartane med eitt blikk. Dei gjer òg at rapportar i Artsobservasjonar kan bli bekrefta (eller avkrefta) dersom dei er med bilete av blømande plantar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Skognattfiol Platanthera bifolia subsp. latiflora (Drejer) Løjtnant. www.artsdatabanken.no/Pages/325528. Lasta ned <dag.månad.år>.