Austersjømarihand er berre funnen med eitt individ i Noreg, i 2006–07 på flishaugar på Södra Cells no nedlagte tømmeranlegg på Tofte i Bu Hurum. Planten blei samla inn og er difor blitt borte herifrå for lenge sidan, og han vil truleg aldri bli ein del av norsk flora. Dette er det einaste tilfellet vi kjenner til av innførte (framande) orkidéartar i Noreg.

Kjenneteikn

Austersjømarihand liknar purpurmarihand subsp. purpurella i at midtfliken på leppa i blomen er kortare enn 1/4 av heile lengda på leppa, og oftast kortare enn sideflikane, og i at planten ofte har nokså mange blad, gjerne fem eller fleire. Planten skil seg i at blada er meir spreiddstilte, smalt elliptiske, stivt opprette og med små flekkar, og i at sporen er lengre, ca. 3/4 så lang som fruktknuten.

Kromosomtal

Rapportert som triploid og tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 60 og 80. Det er truleg at rapport om triploid tal gjeld ein eller fleire hybridar mellom diploide og tetraploide artar.

Økologi og utbreiing

Éin plante blei funnen på flishaugar ved Södra Cells tømmerfabrikk på Tofte i Bu Hurum. Planten blei først observert i 2006 og samla inn til herbariet i 2007. Sidan har ingen sett han. Austersjømarihand er vidt utbreidd frå Polen og Baltikum austover gjennom europeisk Russland og inn i Vest-Sibir. Han er mellom dei rasane av kongsmarihand som har vidast utbreiing.

Kommentarar

Sjå arten.

Forvekslingar

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Austersjømarihand Dactylorhiza majalis subsp. baltica (Klinge) H.Sund. www.artsdatabanken.no/Pages/325520. Lasta ned <dag.månad.år>.