Purpurmarihand er sjeldsynt i Noreg og blir stadig meir sjeldsynt. Planten er knytta til svært utsette naturtypar: våtmark på sandgrunn heilt ute på kysten.

Kjenneteikn

Purpurmarihand er den mest grovvaksne rasen av kongsmarihand i Noreg. Års- og fjorårsknoll sit oftast i same høgda. Stengelen er grov og oftast stiv, og oftast med fem eller fleire blad. Blada er tjukke, tettstilte og utbøygde, eggforma til elliptiske, dvs. nokså breie og mindre enn fire gonger så lange som breie, med hetteforma spiss, og anten uflekka eller med små, mørke flekkar på oversida mot spissen. Dei nedre og mest velutvikla blada er breiast kring midten. Akset er ganske tett og mangebloma. Blomane er mørkt purpurraude. Leppa er lang og rombeforma, grunt treflika med flikar som er mindre enn 1/4 av heile lengda på leppa. Flikane er om lag jamstore eller midtfliken kan vere litt mindre enn sideflikane. Ein skilnad mot austersjømarihand subsp. baltica er at sporen berre er om lag halvparten så lang som fruktknuten; hos austersjømarihand er han om lag 3/4 så lang som fruktknuten.

Kromosomtal

Purpurmarihand er tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80.

Økologi og utbreiing

Purpurmarihand veks i dei inste delane av strandenger og anna fuktig eng på baserik grunn nær sjøen, oftast på sand med høgt baseinnhold (skjelsand). Den norske utbreiinga er vestleg. Planten er sjeldsynt og kjent berre frå ytre strøk, i Rogaland frå Ro Hå til Kvitsøy og Karmøy, på Nordvestlandet i SF Vågsøy og Selje og MR Giske, og i Trøndelag i ST Ørland. Utbreiinga elles er begrensa til Nordvest-Europa, frå Nederland og Dei britiske øyane nord til Trøndelag.

Kommentarar

Sjå arten.

Forvekslingar

Sjå òg arten. Purpurmarihand skil seg frå dei andre rasane av kongsmarihand i at han oftast har fleire enn fem blad (dei andre har oftast færre blad), at blada er breie og samla ved grunnen, og i at leppa berre er utydeleg flika (leppa er mykje meir tydeleg flika hos dei andre rasane).

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal of Botany 88: 1868–1880.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Purpurmarihand Dactylorhiza majalis subsp. purpurella (T.Stephenson & T.A.Stephenson) D.M.Moore & Soó. www.artsdatabanken.no/Pages/325518. Lasta ned <dag.månad.år>.