Smalmarihand er den einaste eininga i gruppen av engmarihand/kongsmarihand som ein kan finne på meir basefattig myr. Om ein finn ein Dactylorhiza med uvanleg smale blad og nokså mørkfarga blomar på ei slik jordvassmyr på Austlandet, er det truleg smalmarihand.

Kjenneteikn

Smalmarihand skil seg frå dei andre underartane av kongsmarihand i dei smale, ofte om lag jamsmale blada som er meir enn 4 gonger så lange som breie. Års- og fjorårsknoll sit ofte i ulik høgd (dette heng saman med at torva ofte veks meir i basefattige myrar enn i baserike). Stengelen er grann og ikkje heilt stiv, og den er innhol med trong opning. Blada er oftast opprette, og dei kan vere uflekka eller med flekkar på oversida. Det er oftast nokså få blad (færre enn fem). Akset er ofte middels tett og mangebloma. Blomane varierer mykje i farge, frå nokså bleikt rosa til raudfiolett. Leppa har ein tydeleg avsett midtflik, oftast meir enn 1/4 av heile lengda på leppa, og midtfliken er tydeleg lengre enn sideflikane.

Smalmarihand har smalt jambreie blad, smalare enn hos engmarihand og hos dei andre rasane av kongsmarihand.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Kromosomtal

Smalmarihand er tetraploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 80.

Økologi og utbreiing

Smalmarihand veks på nokså blaute jordvassmyrar, oftast på mjukmatte. Planten er ikkje like sterkt knytta til rikmyr som mange andre Dactylorhiza; han veks òg ofte på nokså basefattig, men minerotrof torv. Den norske utbreiinga er truleg søraustleg, men er noko usikker. God dokumentasjon er det frå Austlandet frå Øf Fredrikstad og VA Søgne (kanskje òg VA Farsund) nordover til Trysildalføret og Østerdalen (til He Trysil og Rendalen), Hadeland (til Op Nordre Land) og Numedal (til Bu Flesberg). Planten er ikkje sjeldsynt på låglandsmyrar i innlandet. I He Trysil er han funnen opp til 710 moh. Det er fleire (til dels mange) rapportar frå Trøndelag og Nordland, men ingen av desse er fullt ut bekrefta som bygde på smalmarihand. Smalblada engmarihand, til dels òg bleikmarihand, er ofte blitt feilbestemt til smalmarihand.

Elles er smalmarihand truleg utbreidd berre i Vest-Europa frå Frankrike nord til Noreg, Sverige og Finland.

Kommentarar

Smalmarihand gjekk tidlegare under namnet D. traunsteineri i Noreg, men D. traunsteineri (Saut. ex Rchb.) Soó synest vere ein annan art eller rase i kongsmarihand-gruppa, truleg begrensa til Mellom-Europa og austover til Kaukasus.

Forvekslingar

Kjelder

Brandrud MK, Baar J, Lorenzo MT, Athanasiades A, Bateman RM, Chase MW, Hedrén M og Paun O (2020). Phylogenomic relationships of diploids and the origins of allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae). Systematic Biology 69: 91–109.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hedrén M, Fay MF og Chase MW (2001). Amplified fragment length polymorphisms (AFLP) reveal details of polyploid evolution in Dactylorhiza (Orchidaceae). American Journal og Botany 88: 1868–1880.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Smalmarihand Dactylorhiza majalis subsp. sphagnicola (Höppner) H.Æ.Pedersen & Hedrén. www.artsdatabanken.no/Pages/325517. Lasta ned <dag.månad.år>.