Nattfiol har fått det norske namnet av di artane truleg har den beste angen av alle norske orkidéar, og angen kjem på kvelden og natta og trekkjer til seg tussmørkesvermarar. Nattfiolane er verdsette overalt kor dei veks.

Kjenneteikn

Nattfiolane er nokså storvaksne orkidéar med heile, tjukke og langspisse knollar. Stengelen er rak, stiv og kantete, med eitt eller eit par skjelforma blad ved grunnen, oftast to velutvikla stengelblad tett saman nær grunnen, og eit par sterkt reduserte blad lengre oppe på stengelen. Blomestanden er eit grissent aks med store, kremkvite blomar. Dei to sidestilte, ytre blomeblada sprikjer medan det øvre ytre og dei to øvre indre blomeblada er bøygde saman som ein hjelm. Leppa er smal og heil og vender nedover. Blomen har ein flere cm lang, grann spore. Pollenet er samla i to pollinium, og posisjonen til desse pollinia er ein diagnostisk viktig skilnad mellom dei to norske artane.

Nattfiol-artane har heile, smale og langspisse rotknollar.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blomane er kvite, med ei lang, smal leppe og ein svært lang spore.

Økologi og utbreiing

På 1970-talet hadde Oslo-studentane botaniske feltkurs på ei kristeleg folkehøgskole i Grenland, der øldrikking var forbode. Då fann vi ei glenne i skogen på ein kalkrygg attmed skola, med nokre nattfiolar i midten, og der satt vi i juninatta og sang og drakk i angen frå det vi no veit var skognattfiol.

Nattfiolane er skog- og heiplantar, oftast i noko baserik skog, men dei er ikkje like sterkt knytta til baserik grunn som mange andre orkidéar. Verdsutbreiinga er uklår på grunn av korleis vi her avgrensar slekta. I ei vid meining har slekta kanskje ca. 200 artar globalt, i ei trong meining kanskje berre eit par og begrensa til Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia aust til midtre Sibir og Mongolia.

Kommentarar

Platanthera i vid meining er svært mangforma, og fleire undergrupper er blitt skilde ut som særskilde slekter. Førebels er taksonomien noko uklår, og her aksepterer vi to slekter i Noreg: Platanthera s. str. og Lysiella Rydb. I Norden har vi òg ei tredje gruppe, representert med islandsnattfiolen som vi reknar til slekta Limnorchis Rydb., som L. hyperborea (L.) Rydb. Storparten av forfattarar i dag føretrekkjer nok heller å halde slekta samla (sjå, m.a., Bateman mfl. 2009), men vi delar ho opp, mykje av di dei europeiske og arktiske representantane i dei tre gruppene er såpass ulike.

Islandsnattfiol Limnorchis hyperborea høyrer til ei slekt nærskyld med Platanthera og veks mellom anna på Island.

Blomane hos islandsnattfiol er små, gulgrøne eller bleikgrøne og har ein mykje kortare spore enn våre heimlege nattfiol-artar.

Kjelder

Bateman RM, James KE, Luo Y-B, Lauri RK, Fulcher T, Cribb PJ og Chase MK (2009). Molecular phylogenetics and morphological reappraisal of the Platanthera clade (Orchidaceae: Orchidinae) prompts expansion of the generic limits of Galearis and Platanthera. Annals of Botany 104: 431–445.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Nattfiolslekta Platanthera Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312251. Lasta ned <dag.månad.år>.