Dei to mest vanlege orkidéane i norsk natur er to artar eller underartar av slekta Dactylorhiza: skogmarihand D. fuchsii eller D. maculata subsp. fuchsii og flekkmarihand D. maculata eller D. maculata subsp. maculata. Tvilen om det er éin eller to artar er typisk for denne slekta; artsavgrensingane er framleis svært uklåre, til tross for mykje arbeid med morfologi og molekylære markørar. Begge desse to er så vanlege at dei gjer det meiningslaust å rekne alle orkidéar som truga. Eit par andre artar eller artsgrupper i slekta er òg vidt utbreidde i Noreg og vanlege å finne.

Ikkje alle orkidéar er sjeldsynte. Her skogmarihand D. maculata subsp. fuchsii i Hamrafjället i Härjedalen.

Kjenneteikn

Dactylorhiza-artane er små til mellomstore urter med knollar som er meir eller mindre djupt delte i to eller stundom fleire flikar. Slektsnamnet tyder “Orchis, eller testiklar, med fingrar”. Stengelblada er festa langt oppover på stengelen, ofte med nokre slireforma blad nedst, og det er få reduserte blad øvst, ingen av desse slireforma. Blomane sit i aks og har nokså smale støtteblad. Støtteblada har oftast ørsmå tenner i kanten (bruk sterk lupe), og forma på desse er ulik hos artane. Blomedekket er gult, kvitt, rosa eller purpurfarga, med om lag same farge på ytre og indre blomeblad. Dei ytre blomeblada sprikjer og er ikkje samla til ein hjelm (unnatak D. viridis). Leppa er tydeleg treflika, vender nedover, og har oftast eit mønster av mørkare flekkar. Blomane har ein tydeleg spore, men den er utan nektar, er smalt kjegleforma og vender oftast noko nedover. Pollenet sit i to pollinium.

Hos om lag alle Dactylorhiza-artane sit dei fullt utvikla blada oppover stengelen, ikkje ved grunnen som hos Orchis-artane.

Hos Dactylorhiza-artane peiker sporen bakover og på skrå nedover. Her hos lappmarihand D. majalis subsp. lapponica ved Rien i Røros.

Økologi og utbreiing

Storparten av Dactylorhiza-artane veks i myr, fukthei eller skog med frisk jordvæte (eit unnatak er søstermarihand D. sambucina som oftare veks i nokså tørr kulturmark og på berghyller). Storparten av artane er knytte til noko baserik grunn, men særleg flekkmarihand D. maculata s. str. veks òg på basefattig grunn i hei og minerotrof myr, men ikkje på nedbørsmyr. Slekta er utbreidd i heile landet opp til over skoggrensa. Globalt er utbreiinga òg vid, gjennom heile Europa, Nordvest-Afrika og stordelen av Nord-Asia aust til Kina og midtre Sibir, og med éin art ved Stillehavet frå Kina og Japan til Alaska: D. aristata (Fisch. ex Lindl.) Soó. Totalt aksepterer ein no 28 artar (og eit mykje større tal med hybridar), sjå “Plants of the World Online” (lesen 16. nov. 2021). I Noreg aksepterer vi no fem artar, men sjå kommentarane nedanfor.

Kommentarar

Dactylorhiza er ei svært vanskeleg slekt å handsame taksonomisk, både globalt og nasjonalt. Éin ting er at einingane er på minst to kromosomtalsnivå, og at både den store kongsmarihand-gruppa (D. majalis med fleire rasar) og flekkmarihand (D. maculata subsp. maculata) er allotetraploidar oppkomne ved kromosomtalsdobling frå diploidane. Ein annan ting er at det, med unnatak for søstermarihand D. sambucina, er stor og øko-geografisk strukturert morfologisk variasjon innanfor dei artane ein aksepterer i Noreg. Ut frå den morfologiske variasjonen kunne ein forsvare minst 10 artar. Årsakene til denne variasjonen er ikkje kjende. Variasjonen er kort kommentert under kvar art og underart.

I tillegg til dei fem artane vi no aksepterer frå Noreg, har det vore angjeve ein sjette art: stormarihand D. praetermissa (Druce) Soó [eller D. majalis subsp. praetermissa (Druce) D.M.Moore & Soó] frå ei myr ved Ervikvatnet på Stadlandet i SF Selje. Han blei funnen av Rolf Nordhagen i 1970, namnfesta som D. praetermissa av J. Heslop-Harrison i 1971, men ombestemt til hybriden mellom engmarihand D. incarnata og purpurmarihand D. majalis subsp. purpurea av Henrik Ærenlund Pedersen i 2008. Vi godtek difor ikkje stormarihand frå Noreg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 15/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Marihandslekta Dactylorhiza Neck. ex Nevski. www.artsdatabanken.no/Pages/312244. Lasta ned <dag.månad.år>.