Grønkurle er ikkje akkurat ein prangande plante med sine brungrøne blomar, og han er nokså ulik dei andre norske marihand-artane. Korleis den sjenerte grønkurla har landa i same slekt som dei meir fargerike marihendene, treng ei forklaring. Ut ifrå molekylære undersøkingar høyrer ho likevel heime i slekta Dactylorhiza. Dette har òg støtte i dei nokså talrike hybridane som er funne, mellom grønkurle og andre Dactylorhiza-artar.

Grønkurle liknar ikkje så mykje på andre Dactylorhiza, med dei grøngule blomane med ei jamsmal leppe der midtfliken er kortare enn dei andre. Det er molekylære undersøkingar som gjer at arten no har hamna i Dactylorhiza.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Kjenneteikn

Grønkurle er ei nokså lita urt, opptil 25(–30) cm høg. Knollane er små og djupt flika. Stengelen er grann hos den eine underarten, grøvre hos den andre, og med to eller fleire fullt utvikla blad. Blada er elliptiske og oftast utbøygde. Dei er grågrøne, mykje bleikare på undersida enn på oversida og med tydelege, mørke nervar. Akset er kort og anten tett eller grissent med nokså store støtteblad og gulgrøne eller litt brunlege blomar. Støtteblada har svært låge, runde tenner i kanten. Dei fem øvre blomeblada er bøygde saman som ein hjelm. Leppa er sterkt nedbøygd, lang og smal, litt breiare mot enden, og treflika med lange sideflikar og ein kort midtflik. Sporen er svært kort.

Kromosomtal

Grønkurle er diploid (sjeldsynt tetraploid) med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40 (80). Diploide teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Grønkurle veks på baserik grunn i myr, skog (særleg fjellbjørkeskog), i frisk beitemark og slåtteeng og i fjellheier, på Sørvestlandet og i nord òg i kystnære heier og på etablerte sanddyner. Arten er utbreidd over store delar av landet og er vanleg i fjellstrøk og nordpå, men sjeldsynt eller manglar i låglandet sørpå mellom Akershus og Rogaland. Han er òg sjeldsynt i ytre strøk i Hordaland og Sogn og Fjordane. I fjellet går han høgt, opp til øvre delen av det mellomalpine beltet, og er funnen opp til 1740 moh. i Jotunheimen (i Op Lom og SF Luster). Globalt er han éin av dei vidast utbreidde av alle orkidéar, i alle tempererte og boreale strøk på den nordlege halvkula, men han manglar på Grønland.

Kommentarar

Det har vore mykje diskusjon kring den systematiske tilhøyrsla til grønkurle, om Coeloglossum (som berre har éin akseptert art) er ei særskild slekt eller om ho høyrer heime i Dactylorhiza. Dei siste orda i denne diskusjonen er summerte opp av Bateman og Rudall (2018), med gode argument for at grønkurla må bli rekna som ein art av Dactylorhiza.

Morfologisk er det geografisk strukturert variasjon innanfor denne svært vidt utbreidde arten. Storparten, eller kanskje alle, plantane i Russisk fjerne austen og Nord-Amerika har vore førde til ein underart subsp. bracteata (Muhl. ex Willd.), eit underartsnamn som førebels ikkje synest vere omkombinert innanfor slekta Dactylorhiza. Plantane i Europa og storparten av Nord-Asia høyrer då til ein subsp. viridis. Variasjonen i det nordamerikanske materialet blir diskutert hos Sheviak og Catling (2002).

Det er òg variasjon i det nordeuropeiske materialet. Plantane på Jæren, Dei britiske øyane og Island er geografisk isolerte frå utbreiinga elles i Europa og skil seg mykje ut morfologisk. Dei er rekna som ein subsp. islandica (Lindl.); heller ikkje dette underartsnamnet er førebels omkombinert innanfor Dactylorhiza.

Forvekslingar

Grønkurle er tydeleg ulik alle dei andre norske orkidéane, og det er få eller ingen forvekslingar.

Hybridar

Hybridar er funne mellom grønkurle og to andre artar av Dactylorhiza. Slike hybridar blir svært påfallande, slik at dei ikkje lett blir oversett. Ein hybrid med lappmarihand D. majalis subsp. lapponica er funnen i Tr Karlsøy, på sjølve Karlsøya. Hybridar med bleikmarihand D. maculata (truleg med begge underartane) er funne nokre få stader i Sør- og Midt-Noreg (He Tynset, Bu Hemsedal, SF Selje, ST Røros) og fleire stader i Troms (Tr Balsfjord, Tromsø og Nordreisa). Frå Nordreisa er det rapportert små bestandar av hybridar, noko som ikkje skulle vere mogeleg dersom hybriden er steril. Det trengs ei etterprøving av desse rapportane.

Kjelder

Bateman RM og Rudall PJ (2018). Clarified relationship between Dactylorhiza viridis and Dactylorhiza iberica renders obsolete the former genus Coeloglossum (Orchidaceae: Orchidinae). Kew Bulletin 73,4: 1–17.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Sheviak CJ og Catling PM (2002). Coeloglossum Hartman. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America North of Mexico 26: 580.

Siter nettsida som:

Elven R. Grønkurle Dactylorhiza viridis (L.) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase. www.artsdatabanken.no/Pages/312212. Lasta ned <dag.månad.år>.