Slektsnamnet Orchis dekte tidlegare ei stor gruppe av orkidéar med knollar og ein meir eller mindre kompakt klase eller eit aks med kvite, gule, rosa eller purpurfarga blomar. Meir enn 1000 artsnamn er publiserte innanfor Orchis i denne vide tydinga. Molekylære undersøkingar har vist at storparten av desse artane høyrer til i andre slekter, og no har vi berre éin Orchis-art att i Noreg. Slekstnamnet “Orchis” syfter på formen, at knollane liknar testiklar.

Ein av de flotte nordiske Orchis-artane vi diverre ikkje har i Noreg: Orchis militaris. Her frå Gotland.

Kjenneteikn

Orchis-artane er små til mellomstore urter med avrunda knollar og ein opprett stengel. Stengelblada er samla ved grunnen (ein viktig skilnad mot naboslekta Dactylorhiza). Blomane sit i aks, med smale støtteblad. Dei har kvitt, rosa eller purpurfarga blomedekke med om lag same farge på ytre og indre blomeblad. Dei ytre blomeblada sit tett saman og formar stundom ein hjelm øvst i blomen. Blomen har ei tydeleg treflika leppe som vender nedover. Han har ein tydeleg spore som vender oppover, men den er utan nektar. Pollenet sit i to pollinium.

Økologi og utbreiing

Orchis-artane veks i næringsrik eller baserik skog, kratt og grasmark, nokre i rikmyr. Dei er utbreidde i store delar av Europa, Nordvest-Afrika og i Asia aust til Mongolia, Tibet og Kina. I den nyare avgrensinga har slekta 21 artar (sjå “Plants of the World Online”), men berre éin i Noreg: vårmarihand O. mascula.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 15/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Vårmarihandslekta Orchis L. www.artsdatabanken.no/Pages/325514. Lasta ned <dag.månad.år>.