Det er mykje fint som kan bli sagt om brudesporane. Brudesporane? Inntil nyleg var det berre éin brudespore, no er det to eller kanskje tre. Alle har dei fine, rosa blomar og god ange, og dei veks på hyggelege stader, i slåtte- og beiteeng, i rik skog og på rikmyr.

Kjenneteikn

Brudesporane er frå nokså småvaksne til store og grove urter med djupt flika knollar og rette stenglar. Blada er meir eller mindre smalt linjeforma og ofte litt folda saman (med breitt V-forma tverrsnitt). Dei er smalare enn hos om lag alle artar i marihandslekta Dactylorhiza, noko som gjer at ein kan kjenne att brudespore òg når planten ikkje blømer. Blada er grøne og om lag jamfarga på begge sider, og dei største blada sit på nedre delen av stengelen. Akset er avlangt, stundom svært langt, og anten sylindrisk eller det smalnar noko oppover. Akset er meir eller mindre tettbloma (skilnad mellom artane). Blomane er rosa (sjeldsynt kvite). Dei sidestilte blomeblada sprikjer eller er litt nedbøygde. Dei øvre blomeblada er bøygde saman som ein hjelm. Leppa er meir eller mindre tydeleg treflika, med grunne flikar, og ho er nedbøygd. Sporen er lang, grann og bogeforma bøygd eller vridd. Pollenet er samla i to pollinium.

Blada er smale, oftast om lag jamsmale og noko renneforma.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Akset er meir eller mindre tett, særleg tett hos praktbrudespore, som her frå Melhus.

Blomane har ei meir eller mindre tydeleg treflika leppe og ein lang, krøkt spore.

Økologi og utbreiing

Brudespore-artane veks om lag alltid på noko baserik grunn (men sjå kommentar nedanfor). Dei veks i rik skog, på rikmyr, i slåtte- og beiteeng, i fukthei frå kysten til langt opp i fjellet, og på etablerte sanddyner langsmed kysten. Slekta er utbreidd i store delar av landet, men er sjeldsynt eller manglar på delar av Sørlandet, i ytre Nord-Trøndelag og i større delar av Finnmark. Slekta er elles utbreidd i store delar av Eurasia sør til Middelhavet, Kaukasus og Himalaya og aust til Japan og Russisk fjerne austen. Det er noko uklårt kor stor slekta er, men truleg har ho ikkje meir enn 10 artar, når ein held svartkurlene i Nigritella utanfor.

Kommentarar

Denne blometypen, der leppa knapt er flika, kan høyre til ein tredje brudespore-art: Gymnadenia borealis. Her frå Os i Østerdalen.

I dei siste tiåra har det kome fleire molekylære undersøkingar som har tyda på at svartkurlene i slekta Nigritella skulle bli innlemma i slekta Gymnadenia. Det er òg kjent eit par hybridar mellom desse to gruppene, i hybridslekta ×Gymnigritella dersom ein aksepterer to slekter. Dei siste molekylære undersøkingane (sjå Brandrud mfl. 2019) tyder likevel på at Nigritella fortener rang som ei særskild slekt, slik ho har vore før.

Den same undersøkinga (Brandrud mfl. 2019) syner at dei to Gymnadenia-einingane, som vi i Noreg har rekna som underartar dei siste åra, er to artar. Dei er truleg på ulike kromosomtalsnivå og utan dokumenterte mellomformer. Der ein finn dei saman, er dei slåande ulike, og det er merkeleg at denne variasjonen ikkje er blitt oppdaga før ganske nyleg.

Det er mogeleg at vi har enno ein art eller rase i Noreg, G. borealis (Druce) R.H.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase (eller G. conopsea subsp. borealis (Druce) F.Rose). Han veks i alle fall i Storbritannia, her akseptert som art av Stace (2010) og seinare, og i Mellom-Europa, og han er rapportert frå Noreg i “Plants of the World Online”. Han skal vekse i noko meir basefattig myr enn dei to andre. Han skil seg frå dei to andre i at leppa berre er utydeleg flika, berre 3–5 mm brei, mot 5–7 mm hos dei to andre, og i at dei to sidestilte blomeblada er 4–5 mm lange og ca. 2 mm breie, mot oftast 5–7 mm lange og berre ca. 1 mm breie hos dei to andre. Desse karakterane er tekne frå Stace (2010). Inntil vi har fått studert det norske materialet nærare, nemner vi G. borealis berre i denne kommentaren.

Forvekslingar

Brudespore-artane kan bli forveksla med marihand-artar Dactylorhiza, men inga marihand har så lang og grann spore som brudesporane. Blada er òg ulike; dei er jamsmale og litt folda hos brudesporane og skil seg frå dei om lag flate og breiare blada hos om lag alle marihand-artane.

Kjelder

Brandrud MK, Paun O, Lorenz R, Baar J og Hedrén M (2019). Restriction-site associated DNA sequencing support a siste group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae). Molecular Phylogenetics and Evolution 136: 21–28.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 11/11/2021.

Stace C (2010). New Flora of the British Isles. 3. utg. Cambridge University Press. 1232 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Brudesporeslekta Gymnadenia R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/312246. Lasta ned <dag.månad.år>.