Blomestandane hos svartkurle står som små, brunraude hovud i rikmyr på Sølendet i Røros.

Svartkurle er ei lågvaksen urt med mørkt raudbrune blomar som angar av vanilje. Arten har vorte dramatisk meir sjeldsynt dei siste tiåra, og dei norske hovudførekomstane er no truleg i ST Oppdal og Røros.

Kjenneteikn

Svartkurle er ei lågvaksen urt, oftast 10–20 cm høg, med ein handdelt knoll og ein nokså stivt opprett stengel. Stengelen har fleire, smalt linjeforma blad med fintanna kant. Blomestanden er eit tett, hovudforma aks. Blomane er mørkt raudbrune og har ange som vanilje. Blomeblada sprikjer, slik at blomen ser ut som ei sekstakka stjerne. Leppa er kantakanta og utan flikar, og i denne slekta snur ho oppover. Sporen er kort og rund. Pollenet er samla i to pollinium.

Blada er smale, om lag linjeforma. Her frå Orkelsjøtangen i Oppdal.

Blomane er samla i eit kort, hovudforma aks. Her frå Ålbu i Oppdal.

Blomeblada sprikjer som ei brunraud stjerne, og leppa vender oppover, ein viktig skilnad mot dei nære slektningane i brudespore-slekta.

Kromosomtal

Svartkurle er tetraploid (i Noreg) med grunntal x = 16 og kromosomtal 2n = 64. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Det er mykje som er uklårt når det gjeld kromosomtal i slekta og arten. Arten er rapportert med ulike grunntal og som diploid og tetraploid. Diploide tal med ulike grunntal (2n = 32, 38 og 40) er kjende frå Mellom-Europa og tetraploide tal (2n = 64) frå Pyreneane og Skandinavia.

Økologi og utbreiing

I 1969 hadde forfattaren av denne familien ein kort sommarkarriere som malmletar i Vangrøftdalen i Os i Hedmark for koparverket på Røros. Malmletinga tok om lag halve dagen; resten av tida var han planteletar. Ein dag kom han over ei tidlegare slåtteeng i skogen, der det var fleire hundre, kanskje tusenvis av svartkurler. Han hadde aldri tidlegare sett noko liknande. Nokre år seinare oppsøkte han same plassen, og då var slåtteenga pløgd opp og gjort om til fulldyrka eng, utan at ei einaste svartkurle hadde overlevd. Dette er mykje av lagnaden for denne merkelege og attraktive orkidéen: anten blir han ramma av inngrep, eller den slåttemarka han ofte treng, gror att.

Svartkurle veks oftast i grasmark og oftast, men ikkje alltid, på baserik grunn, anten på beitemark eller på slåttemark. Han er òg funnen fleire gonger i rikmyr og nokre få gonger i frisk eller vekselfuktig fjellhei. Den norske utbreiinga er oppdelt. Svartkurle har hatt nokre få førekomster i åstrakter på indre Austlandet i Op Østre og Vestre Toten, Nordre Land, Gausdal, Sør-Fron og Ringebu. Hovudområdet ligg kring grensa mellom Hedmark/Oppland og Sør-Trøndelag, frå ST Oppdal og Rennebu austover til He Rendalen og Os og ST Røros og Tydal. Her er arten éin stad funnen godt opp i fjellet, til 1270 moh. i Gjevilvasskamman i Trollheimen (i ST Oppdal). Meir enn 80 % av dei kjende norske førekomstane er i dette området. I nord er arten funnen éin stad i Tr Balsfjord og nokre få stader i Nordreisa. Arten har vorte dramatisk meir sjeldsynt dei siste tiåra, og dei norske hovudførekomstane er no truleg i ST Oppdal og Røros (mellom anna i naturreservatet Sølendet). Arten treng no aktiv skjøtsel av kulturmarka om han ikkje skal gå ut. Den globale utbreiinga er europeisk, men oppsplitta, med fleire delområde i Skandinavia (mellom anna frå Trøndelag austover i Härjedalen og Jämtland) og mange delområde i fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa frå Pyreneane i vest til langt aust i Karpatane. I Mellom-Europa veks han òg saman med fleire andre, nærskylde Nigritella-artar.

Kommentarar

Sjå òg slekta. I Nord-Sverige, opp mot grensa til Nordland, førekjem den fertile hybriden ×Gymnigritella runei Teppner & E.Klein (Gymnadenia conopsea × Nigritella nigra), raudkurle, med lengre nektarspore og meir raude blomar. Han er enno ikkje påvist i Noreg.

Forvekslingar

Inga forveksling av denne arten er mogeleg i Noreg.

Kjelder

Brandrud MK, Paun O, Lorenz R, Baar J og Hedrén M (2019). Restriction-site associated DNA sequencing support a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae). Molecular Phylogenetics and Evolution 136: 21–28.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Engelskjøn T og Skifte O (1984). Forekomsten av svartkurle, Nigritella nigra, i Nordreisa, Troms. Blyttia 42: 138–142.

Holmboe J (1936). Über Nigritella nigra (L.) Rchb., ihre Verbreitung und Geschichte in Skandinavien. Berichte der Schweizerischen Botanischen Gesellschaft, Festband Rübel 46: 202–216.

Jordal JB (2020). Overvåking og skjøtsel av svartkurle i Oppdal i 2020. Miljøfaglig Utredning Rapport 2020-27. 42 s.

Moen A (1990). Nigritella nigra (L.) Rchb. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 79–80 + XXIIIb. Tapir Publishing, Trondheim.

Moen A og Øien D-I (2009). Svartkurle Nigritella nigra i Norge. Faglig innspill til nasjonal handlingsplan. NTNU Vitensk.mus. Rapp. bot. Ser. 2009-5. 27 s.

Moen A og Øien D-I (2003). Ecology and survival of Nigritella nigra, a threatened orchid species in Scandinavia. Nordic Journal of Botany 22: 435–461.

Often A (2005). Svartkurla Nigritella nigra i høstseterområdet Gammeldalen, Tynset: fra spredt til ytterst sjelden. Blyttia 63: 193–194.

Øien D-I, Moen A og Arnesen T (1998). Populasjonssvingingar hos Nigritella nigra (L.) Rchb. i Sølendet, Røros. NTNU Vitensk.mus. Rapp. bot. Ser. 1998-4: 62–71.

Siter nettsida som:

Elven R. Svartkurle Nigritella nigra (L.) Rchb. f. www.artsdatabanken.no/Pages/312233. Lasta ned <dag.månad.år>.