Knottblom er éin av dei sjeldsynte orkidéane som er i ferd med å bli borte frå norsk natur, hovudsakleg på grunn av habitatendringar. Arten har vore kjent frå ca. 55 førekomstar, men etter 2000 er han berre dokumentert frå 10–12 førekomstar.

Kjenneteikn

Knottblom er ein mellomstor plante (opptil 25 cm høg), med to knollar som sit i ulik høgd i jorda. Han har oftast berre eitt stort, elliptisk til eggforma, mangenerva blad. Blomestanden er ein smal, aksliknande klase med mange små, gulgrøne blomar. Leppa er spiss, jamlang med dei andre blomeblada, med vorter nær spissen, og ho vender oppover (blomeskaft eller fruktknute er vridd 360°).

Kromosomtal

Knottblom er truleg diploid med grunntal x = 15 (14) og kromosomtal 2n = 30 (28).

Økologi og utbreiing

I Noreg er knoppblom funnen om lag berre på baserik grunn, i sumpskog, rikmyr og kjelder. Han har ei søraustleg utbreiing og er berre funnen på Austlandet, tidlegare frå Øf Hvaler og Vf Holmestrand og Re inn til He Stor-Elvdal og Op Dovre og Søndre Land, og opp til 550 moh. i Op Dovre. Etter 2000 er han funnen i Oslo, Ak Asker og Ullensaker, He Sør-Odal, Stor-Elvdal og Ringsaker, Op Jevnaker, Bu Ringerike og Nedre og Øvre Eiker, og Vf Holmestrand. Globalt er knottblom utbreidd (eller har vore utbreidd) i Skandinavia, Mellom- og Aust-Europa og i Nord-Asia, med nærskylde artar i Nord-Amerika.

Kommentarar

Nordal og Schumacher (1996) meiner at meir enn halvparten av dei totalt kjente førekomstane var forsvunne allereie før 1970. Knottblom blei hardt ramma av aktiviteten til Det norske myrselskap, som blei stifta i 1902 og som hadde som målsetjing å dyrke opp myrar til produktiv jordbruksmark. Dei myrane som blei tekne først, var dei baserike og ikkje for blaute myrane, dei som artar som knottblom særleg var knytta til. Aktiviteten til Det norske myrselskap, og oppfølgjaren, Det norske jord- og myrselskap, stifta i 1972, har hatt store verknadar på norsk artsmangfald.

Forvekslingar

Den einaste andre planten knottblom kan bli forveksla med, er myggblom Hammarbya paludosa, som òg har leppe som vender oppover, men han er ein mykje mindre plante, med yngleknoppar i bladspissen, og leppa er mykje kortare enn dei andre blomeblada. Han veks òg på andre typar av myr, på dyblaute mjukmatter og lausbotn på ofte basefattig myr, medan knottblom veks på fastmatte på rikmyr. Dei myrane der myggblom veks, er mindre utsette for grøfting, og difor er knottblom mykje meir ramma av myrgrøftingane enn det myggblom er.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Erlandsson S (1937). Utbredningen av Achroanthes monophyllos Greene i Fennoskanda. Botaniska notiser 1937: 401–418.

Nordal I og Schumacher T (1996). Microstylis monophyllos. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 74–75 + Pl. 26b. Fagbokforlaget, Bergen.

Schumacher T, Bendiksen S og Halvorsen R (1982). Sjeldne og sårbare plantearter i Sør-Norge. IV. Knottblom (Malaxis monophylla). Blyttia 40: 85–93.

Siter nettsida som:

Elven R. Knottblom Malaxis monophyllos (L.) Sw. www.artsdatabanken.no/Pages/312231. Lasta ned <dag.månad.år>.