Marisko er kanskje den mest ikoniske av alle norske orkidéar. Han skil seg frå alle dei andre, systematisk og morfologisk, i si eiga underslekt, med den store blomen med den bolleforma leppa, og med pollenet som ei klissen masse og ikkje samla i pollinium. Han er ettertrakta og utsett for florakriminalitet. I Salten har vi sett hol etter han der han er blitt gravd opp og truleg smugla til kontinentet. I si tid heiter det at han vart plukka inn i stor mengd i Oppdal til dekorasjon under eit brudlaup, men det kan vere ein myte.

Kjenneteikn

Marisko er ei fleirårig urt med kort, horisontal jordstengel, noko som gjev tette bestandar. Stenglane er 20–50 cm høge og tett og fint kjertelhåra. Blada er 3–4 i talet, store og breitt elliptiske og tydeleg folda (plisserte) på langs. Blomane sit enkeltvis eller nokre få saman med store støtteblad. Leppa er bolleform, lysande gul med gjennomskinlege flekkar lengst bak, og vendt nedover. Dei fem andre blomeblada er smale og raudbrune (sjeldan gulkvite), dei to nedste vaksne saman så nær som i spissen, og dei er oftast noko spiralvridne. Planten blir pollinert ved at insekt som kravlar ned i bollen, må presse seg forbi arret bak i blomen for å kome seg ut. På vegen ut får insektet med seg pollen som blir med til neste marisko-blome.

Marisko har breie, linjenerva blad og ein særprega blome med gule og brune blomeblad.

Leppa hos marisko er utforma som ein gul bolle der insekt krabbar oppi, og der dei må finne vegen ut att gjennom to smale opningar der det klisne pollenet sit.

Vegen ut att finn dei ved hjelp av nokre klåre felt i leppa der lyset slepp inn, synlege på den nedste blomen her.

Kromosomtal

Marisko er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Marisko veks hovudsakleg i baserik skog, her i orkidé-eldoradoet Bergsåsen i Snåsa.

Marisko er heimleg i lauv- og barskog og i rasmark og berg på baserik grunn, ein sjeldan gong på rikmyr. Han veks spreidde stader på Austlandet nordover frå Ak Frogn og Te Bamble, i MR Fræna og Tingvoll, i ST Oppdal og Melhus, spreidde stader frå NT Verdal og Snåsa til Tr Nordreisa, og i Fi Alta, Porsanger og Sør-Varanger. Ei omfattande omtale av den norske utbreiinga finn ein hos Berg (2013). Arten er stundom dyrka som prydplante og er funnen forvilla i Øf Hvaler og Moss. Han veks opp til over skoggrensa, til 1150 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Marisko er vidt utbreidd i Europa og nordlege halvdelen av Asia, heilt aust til Stillehavet i Russisk fjerne austen, men er sjeldsynt eller manglar lengst vest i Europa.

Kommentarar

Marisko har ein nær slektning i Nord-Amerika, utbreidd tvers over kontinentet: C. parviflorum Salisb. Elles er det ingen andre artar som liknar på marisko.

Forvekslingar

Inga forveksling er mogeleg.

Kjelder

Berg RY (2013). Cypripedium calceolus L. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (Red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 164–167. Akademika Publishing, Trondheim.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Marisko Cypripedium calceolus L. www.artsdatabanken.no/Pages/312214. Lasta ned <dag.månad.år>.