Fjellkurle kan vere den norske orkidé-arten som gjer minst av seg. Ofte må ein leite nede i graset for å finne denne vesle, gulgrøne planten med dei trådsmale blada, men om ein finn han, veit ein at ein er på baserik grunn der ein kan finne mange andre spanande plantar.

Fjellkurle er truleg den mest unnselege av alle norske orkidéar, her i Grimsdalen i Dovre.

Kjenneteikn

Fjellkurle er ein liten og lite synleg plante, opptil 10 cm høg, men oftast meir lågvaksen. Knollane er heile og avlange. Alle dei gulgrøne blada er grunnstilte, linjeforma til trådforma, opprette og om lag jamlange med stengelen. Akset er smalt og fåbloma med nokså lange, smale støtteblad. Blomane er gulgrøne. Dei øvre blomeblada er bøygde saman til ein hjelm. Leppa er gul og eggforma, ofte med to små sidetenner, og ho vender nedover. Blomen er utan spore. Pollenet sit i to pollinium.

Blada er smalt linjeforma, og akset er fåbloma og nokså grissent.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

I blomen er leppa svært grunt treflika, og dei andre blomeblada ligg som ein hjelm over leppa.

Kromosomtal

Fjellkurle er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjellkurle er sterkt knytta til baserik, nokså tørr grunn, og arten veks i snaufhjellet i rik hei (særleg reinrosehei) og på grasrabbar, og i høgtliggjande område under skoggrensa (seterregionen) på rik, tørr beitemark og stundom på elve- og bekkekantar. I nord veks arten òg i kysthei, på tørreng og på etablerte sanddyner ved sjøen. Han er funnen opp i mellomalpint belte, til 1570 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Den skandinaviske utbreiinga er bisentrisk (dvs. oppdelt i to sentra) i fjellkjeda, i sør frå Dovrefjell og Jotunheimen nord til NT Snåsa, i nord frå No Hattfjelldal og Brønnøy til Fi Nordkapp og Vardø. Sjå Gjærevoll (1990). Ellers er arten utbreidd i fjellet i Sverige, Finland og inn på Kolahalvøya i Russland, og i Mellom-Europa i Alpane og Karpatane.

Forvekslingar

Det er vanskeleg å forveksle denne arten med nokon annan plante.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s

Gjærevoll O (1990). Chamorchis alpina (L.) Rich. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 54 + XIIc. Tapir Publishers, Trondheim.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Fjellkurle Chamorchis alpina (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312211. Lasta ned <dag.månad.år>.