Raud skogfrue er sjeldsynt og går attende, og det har vore mange utgreiingar om korleis ein skulle kunne bevare denne arten i norsk natur.

Raud skogfrue er ein av dei mest sjeldsynte orkidéane i Noreg. Her ved Konnerudgruvene i Drammen.

Kjenneteikn

Raud skogfrue har ein kort, horisontal jordstengel med trevlerøter, og arten veks oftast i små bestandar med fleire skott saman. Stenglane har fleire blad, og dei største og mest velutvikla sit oftast øvst. Blada er mørkgrøne, dei midt på stengelen er ca. 1–2 cm breie og ca. 8–10 cm lange. Den øvre delen av stengelen og fruktknuten er fint småhåra. Blomestanden er eit grissent aks der støtteblada er om lag jamlange med fruktknuten. Blomane er roseraude med spiss, trekanta leppe som vender nedover, og dei er om lag lukka slik at dei ser “nebbete” ut. Blomen er utan spore.

Kromosomtal

Raud skogfrue er truleg hovudsakleg tetraploid med grunntal x = 9, 11 og 12 og kromosomtal 2n = 36, 44 og 48.

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje har så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Raud skogfrue veks berre på svært baserik grunn, oftast i kalkfuruskog eller tørr edellauvskog og stundom i berg og anna brattlende. Arten er sjeldsynt. Han er berre funnen på sørlege Austlandet i Øf Aremark (sjå Båtvik 2001), Ak Vestby og nokre få stader frå Ak Asker (utgått), Op Jevnaker og Bu Kongsberg sør til AA Gjerstad. Han går opp til 410 moh. i Bu Modum. Han har gått mykje attende, og det er laga fleire handlingsplanar for å prøve og sikre at han framleis kan vere ein del av norsk natur (sjå referansar nedanfor). Globalt er han kjent frå fastlandet i Europa og nokre få stader i England, sørover til Nordvest-Afrika og austover til Iran, og han går attende innanfor storparten av den globale utbreiinga.

Forvekslingar

Raud skogfrue kan ikkje bli forveksla med nokon annan norsk plante.

Kjelder

Anonym (2006). Handlingsplan for rød skogfrue Cephalanthera rubra. Direktoratet for naturforvaltning Rapport 2006-1.

Anonym (2013). Rød skogfrue – prioritert art med funksjonsområde. Status basert på handlingsplanarbeidet i årene 2006-2012. Norsk Botanisk Forening rapport 1-2013.

Båtvik JII (2001). Rød skogfrue Cephalanthera rubra (L.) L.C.M.Rich. endelig påvist i Østfold. Blyttia 59: 37–39.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1996). Cephalanthera rubra. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 45 + Pl. 13a. Fagbokforlaget, Bergen.

Hanssen EW (1996). Rød skogfrue, Cephalanthera rubra, i Norge. Blyttia 54: 13–22.

Hanssen EW (2021). Handlingsplan for rød skogfrue Cephalanthera rubra. Arbeid og status i 2020. Rapport SABIMA/Norsk botanisk forening, Oslo. 21 s.

Hanssen EW og Bratli H (2009). Handlingsplan for rød skogfrue Cephalanthera rubra i Norge. Arbeid og status i 2008. Rapport SABIMA/Norsk Botanisk Forening, Oslo. 25 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Raud skogfrue Cephalanthera rubra (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312210. Lasta ned <dag.månad.år>.