Denne arten er ein av juvelane i edellauvskog i kyststrøk i Sør- og Midt-Noreg. Han er nokså sjeldsynt, men i nokre område er det fleire fine bestandar av han, særleg på Sørlandet og Vestlandet.

Kjenneteikn

Kvit skogfrue har ein kort, horisontal jordstengel med trevlerøter, og arten veks oftast i små bestandar med fleire skott saman. Stenglane har fleire blad, og dei største og mest velutvikla sit oftast øvst. Blada er mørkgrøne og smalt lansettforma. Den øvre delen av stengelen og fruktknuten er snau. Blomestanden er eit grissent aks der alle støtteblada er mykje kortare enn fruktknuten. Blomane er reint kvite med spisse, ytre blomeblad og ei rund leppe med eggegul flekk. Blomane er om lag lukka, slik at dei ser “nebbete” ut. Blomen er utan spore.

Kromosomtal

Kvit skogfrue er truleg diploid med grunntal x = 16 (17) og kromosomtal 2n = 32 (34).

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Kvit skogfrue veks på baserik grunn i skog og skogkantar, oftast edellauvskog. Utbreiinga er sørleg og vestleg. På Austlandet er ho sjeldsynt og berre funnen mellom Rødtangen og Skjøttelvik i Bu Hurum (og rapportert som innført to stader i Bu Drammen), ved Berg museum i Te Kragerø, og nokre få stader i indre Telemark i Hjartdal og Tokke. Arten er noko meir utbreidd i kyst-, fjord- og dalstrøk på Sørlandet og Vestlandet, frå AA Arendal og Froland til MR Aure og med nokre noko isolerte førekomstar ved munninga av Trondheimsfjorden i ST Rissa og Ørland. Globalt er arten vidt utbreidd i Europa, sørover til Nordvest-Afrika, og austover i tempererte delar av Asia til Kina og Japan.

Forvekslingar

Kvit skogfrue kan ikkje bli forveksla med nokon annan norsk orkidé.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plant. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + 54 pl.

Siter nettsida som:

Elven R. Kvit skogfrue Cephalanthera longifolia (L.) Fritsch. www.artsdatabanken.no/Pages/312209. Lasta ned <dag.månad.år>.