Artar av lerkeslekta Larix utgjer ein viktig del av den polare skoggrensa i store delar av Eurasia og Nord-Amerika, men ikkje i Norden der ingen art er heimleg. Ingen artar er heimlege i Noreg.

Kjenneteikn

Lerkartane er tre, oftast med nokså rette stammar og sprikjande til litt hengande greiner. Borken er jamn på unge tre, men sprekk opp og flaknar av med tida. Greinene er litt uregelrett kransstilte. Nålene sit enkeltvis på årsskott, men frå andre året sit dei i buntar med 10–50 (60) nåler på tappforma kortskott. Nålene er spisse eller butte, med to harpikskanalar. Dei er mjuke og fell av om hausten (unikt hos heimlege og forvilla bartre i Noreg). Hokonglene sit på årsgamle kvistar. Dei er små, avrunda til eggforma, mognar på éin sesong, heng på eitt eller stundom fleire år, og dei sit oftast opprette på kvisten, på små, tappforma kortskott slik at det ser ut som om dei har ein kort stilk. Dei har ofte noko utstikkande dekkskjel. Kongleskjela er breitt eggforma eller avrunda, og dei har ikkje apofyse eller umbo (sjå furuslekta Pinus for forklaring). Frøa har vengje og blir vindspreidde.

Her ser ein dei karakteristiske nålbuntane, ein karakter lerkeslekta har sams med sederslekta Cedrus.

Lerk har nålbunter med 10-50 nåler og avrunda til eggforma kongler, her hos europalerk.

Hos lerk stikker dekkskjela langt framom kongleskjela på umodne kongler, her hos japanlerk.

Økologi og utbreiing

Lerkartane veks ofte i nokså næringsfattig skog og hei, og dei toler myrjord og veks ofte spreidd ut over myrar og skrinn hei. Det store strøfallet, ved at nålene fell av kvart år, gjer at lerk er med på å gjere jordbotnen surare.

Lerkartane går opp mot den alpine skoggrensa i fjell lenger sør. Lerkskogar skil seg frå andre barskogar økologisk, av di lerk feller nålene om hausten. Det er difor gode lysforhold i lerkskog tidleg og seint i sesongen, og lerkskog har ofte mykje meir undervegetasjon enn annan barskog.

Slekta har 10–11 artar globalt (Parker 1993, Eckenwalder 2009, Plants of the World Online). Ho har ei svært stor utbreiing, om lag samanhengande frå Onega-sjøen nær grensa til Finland i Nordvest-Russland austover til Stillehavet og vidare tvers over Nord-Amerika. Nokre artar går i fjell lenger mot sør, i Europa europalerk Larix decidua i Alpane og Karpatane, i Japan japanlerk Larix kaempferi, i vestlege Nord-Amerika Larix occidentalis og Larix lyallii i midtre Rocky Mountains, og nokre artar nord i Kina.

I Noreg er lerkartane innførte. Europalerk vart innført allereie på 1700-talet, dei andre seinare. Dei er i nokså rask spreiing ut i norsk natur, og dei er funne mange stader nord til Sør-Troms og meir spreidd til Aust-Finnmark. Dei går òg opp mot fjellet, og einskilde plantar er funne i snaufjellet. Dei veks oftast i furu- og bjørkeskog, på kulturmark, i heiområde langsmed kysten, og på skrotemark og vegkantar.

Lerk i spreiing i kystlyngheia langsmed Burmavegen som går tvers over Karmøy.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Franco, J do Amaral (1993). Larix Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Parker WH (1993). Larix Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 366–368.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Lerkeslekta Larix Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/305056. Lasta ned <dag.månad.år>.