Koreaedelgran er mykje brukt som prydtre, òg i små hagar, fordi ho veks nokså seint og ikkje blir så stor, har eit svært dekorativt nålverk, og ikkje minst fordi ho blømer allereie når ho er svært ung, med nydelege, purpurfarga hokongler. Ho er førebels lite forvilla.

Kjenneteikn

Koreaedelgran blir berre eit lite til middelsstort tre, opptil 15 m høgt. Unge stammar har bleikgrå bork. Unge kvistar er grunt furete, bleikbrune til lysgrå, og grissent håra. Knoppane er bleikbrune, med mykje harpiks. Nålverket er mørkgrønt på oversida. Nålene på undersida av kvisten står både vinkelrett ut og noko framover. Nålene på oversida av kvisten er noko krumma oppover, og dei dekkjer kvisten på oversida. Dei er korte, oftast berre 1–2 cm lange, ca. 2 mm breie, og dei er tverre eller utranda i enden. Eit særtrekk hos denne arten er at nålene blir breiare mot enden. Oversida av nålene er blankt mørkgrøn og utan spalteopningar. Undersida har to breie, blankt kvite band, kvart med 8–10 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er mediale. Konglene er 4–6 cm lange, og dei kjem tidleg i treets vekst og sit ofte allereie på greiner 1–2 m over bakken. Koreaedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Nålene hos koreaedelgran er uvanleg korte og breie. Dei er blankt mørkgrøne på oversida, utan spalteopningar.

På undersida har nålene hos koreaedelgran to breie, blankt kvite band med spalteopningar.

Umogen kongle hos koreaedelgran, der ein ser dei tilbakebøygde dekkskjela som stikk framom dekkskjela.

Mogne kongler (frå i år) og restar etter fjorårets kongler hos koreaedelgran.

Konglene hos koreaedelgran kjem allereie på ganske unge tre, noko som gjer blømande tre svært vakre.

Koreaedelgran er dekorativ heile året, men kanskje aller finast på våren når hokonglene er i bløming, her på Kvitsøy i Rogaland. Vi er ikkje heilt sikre på identiteten, men trur dette er koreaedelgran.

Kromosomtal

Koreaedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Koreaedelgran er innført som prydtre og er no svært populær i hagar og parkar av di ho ikkje veks seg så stor, og av di ho har særleg dekorative hostandar og kongler. Ho vart først rapportert som forvilla i 2009, og det er førebels uvisst om ho er bufast i norsk natur. Ho er rapportert forvilla svært spreidde stader i kyststrøk, i Telemark, Vest-Agder, Rogaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Ho er truleg lite oversett, då ho er påfallande og lett kjenneleg.

Koreaedelgran kjem, som namnet seier, frå Korea, eller nærare frå øya Cheju og frå fastlandet i Sør-Korea, der ho er eit innslag i subalpine skogar på dei høgaste fjella, på same vis som veitchedelgran er i Japan.

Kommentarar

Systematisk høyrer koreaedelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av dei er dyrka og forvilla i Noreg. Balsamedelgran Abiesbalsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii frå Aust-Asia. Det er fleire fellestrekk for gruppa. Det første er at knoppane har mykje harpiks. Det andre er at nålene ikkje står i tydelege rekkjer. Det tredje er at nålverket er reint grønt på oversida, ikkje grågrønt eller blågrønt, med unnatak for fjelledelgran, og at nålene manglar eller berre har nokre få spalteopningar på oversida, òg med unnatak for fjelledelgran.

Forvekslingar

Koreaedelgran skil seg frå veitchedelgran Abies veitchii, som er næraste slektningen, og frå balsamedelgran Abies balsamea og sibiredelgran Abies sibirica, i at unge kvistar er tydeleg furete. Frå fjelledelgran Abies lasiocarpa og sakhalinedelgran Abies sachalinensis skil ho seg i at nålene er kortare og breiare, oftast berre opptil 2 cm lange og ca. 2 mm breie, medan dei to andre har lengre nåler som oftast er mindre enn 2 mm breie. Ho skil seg òg i at ho blømer på unge tre, og frå fjelledelgran i at ho har fleire striper (8–10) med spalteopningar i kvart band på undersida av nåla og i eit reint grønt nålverk, medan fjelledelgran oftast har eit blågrønt eller grågrønt nålverk på grunn av mykje fleire spalteopningar på oversida av nålene.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Koreaedelgran Abies koreana E.H. Wilson. www.artsdatabanken.no/Pages/285853. Lasta ned <dag.månad.år>.