Sakhalinedelgran er den austasiatiske parallellarten til nordamerikansk balsamedelgran Abies balsamea. Arten er lite dyrka i Noreg og knapt funnen forvilla.

Sakhalinedelgran kan bli et stort, staseleg tre, her i Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim.

Kjenneteikn

Sakhalinedelgran blir eit nokså stort tre opptil 30 m høg. Unge stammar har gråkvit bork. Unge kvistar er tydeleg furete, mørkt purpurgrå, og tetthåra i furene eller kring heile kvisten. Knoppane er mørkt raudbrune, tettstilte og har mykje harpiks. Nålverket er friskt til mørkt grønt på oversida. Nålene står horisontalt ut- og framover på undersida av kvisten, opp- og framover på oversida og dekkjer kvisten. Nålene er 1,5–4 cm lange, svært smale (ca. 1 mm) og utranda i enden. Oversida er friskt til mørkt grøn og anten utan spalteopningar eller berre med nokre få, brotne striper med spalteopningar mot enden. Undersida har to smale, kvite band, kvart med 7–9 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er mediale. Konglene er 5–7 cm lange. Sakhalinedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Sakhalinedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sakhalinedelgran er hovudsakleg dyrka som prydtre og først rapportert som forvilla i 2007. Arten er dokumentert frå skogen kring Tømte i Nannestad i Akershus, men òg rapportert frå eit par stader på Nord-Vestlandet (i Skodje og Tingvoll i Møre og Romsdal) og frå Helkansetra ved Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim i Sør-Trøndelag. Utbreiinga som forvilla og mogeleg forvilla ligg frå boreonemoral til sørboreal sone, men dette er ein hardfør art som truleg kan bli dyrka mykje lengre mot nord og opp mot fjellet.

Arten kjem frå Nordaust-Asia og er utbreidd frå fjellstrøk frå Nord-Japan (Hokkaido) over Sakhalin til sørlege Kamtsjatka.

Kommentarar

Systematisk høyrer sakhalinedelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av dei er dyrka og forvilla i Noreg: balsamedelgran Abiesbalsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii frå Aust-Asia. Det er fleire fellestrekk for gruppa. For det første har knoppane mykje harpiks. For det andre sit ikkje nålene i tydelege rekkjer. For det tredje er nålverket reint grønt på oversida, med unnatak for fjelledelgran, og nålene manglar eller har berre nokre få spalteopningar på oversida, òg med unnatak for fjelledelgran.

Forvekslingar

Sakhalinedelgran skil seg frå veitchedelgran Abies veitchii, balsamedelgran Abies balsamea og sibiredelgran Abies sibirica i at unge kvistar er tydeleg furete. Frå koreaedelgran Abies koreana skil ho seg i at nålene er lengre og smalare, oftast meir enn 2 cm lange og mindre enn 2 mm breie, medan dei ofte er mindre enn 2 cm lange og ca. 2 mm breie hos koreaedelgran, og hos ho breiare mot enden. Frå fjelledelgran Abies lasiocarpa, som ho liknar mest på og står nærast systematisk, skil ho seg i kvistfargen, raudleg til purpur hos sakhalinedelgran og gulgrå til brungrå hos fjelledelgran, i at nålverket er grønt på oversida medan det om lag alltid er blågrønt til grågrønt hos fjelledelgran, og særleg i kor mange striper med spalteopningar det er i kvart av dei lyse banda på nålundersida. Det er 7–9 striper hos sakhalinedelgran og 3–5 striper hos fjelledelgran.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sakhaliedelgran Abies sachalinensis (F.Schmidt) Mast. www.artsdatabanken.no/Pages/285852. Lasta ned <dag.månad.år>.