Fjelledelgran er eit vestamerikansk fjelltre med utbreiing frå New Mexico i sør til Yukon Territory i nord, med hovudutbreiing i Rocky Mountains. Det vitskaplege namnet ‘lasiocarpa’ visar til dei håra kongleskjela. Arten er nokså mykje dyrka i Noreg og forvillar seg.

Kjenneteikn

Fjelledelgran kan bli eit mellomstort tre opptil 20–30 m. Unge stammar har raudleg til mørkt grå bork. Unge kvistar er furete, raudbrune til grå, og dei har raudbrune til bleikbrune hår. Knoppane har harpiks. Nålverket er blågrønt til grågrønt på oversida. Nålene står utover og framover og dekkjer kvisten på oversida. Dei er 1–4 cm lange, og butte til litt utranda. Oversida av nålene er grågrøn til blågrøn. Dei har ei tydeleg renne på oversida. Anten har dei 4–5 striper med spalteopningar på kvar side av renna, spalteopningar berre i renna, eller ein sjeldan gong spalteopningar berre mot spissen. Undersida er svært lys med to kvite band, kvart med 7–8 striper med spalteopningar. Nålene har mediale harpikskanalar. Konglene er 7–10 cm lange. Fjelledelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde, men kan òg bli spreidde med fugl.

Fjelledelgran har eit pent, blågrønt bar og blir nokså mykje brukt som juletre og til pyntegrønt.

Nålene har bleike striper med spalteopningar på begge sider, og difor blir baret blågrønt.

Kromosomtal

Fjelledelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Fjelledelgran er innført som skogstre og prydtre. Ho vart først rapportert som forvilla i 1999, men starta truleg å spreie seg tidlegare då ho har vore planta frå ca. 1900. Fjelledelgran er bufast og i rask auke. Ho er funnen spreidde stader frå låglandet opp i fjellskogen nord til Trøndelag med utpostar i Nordland og Troms. Ho er truleg mykje oversett. Fjelledelgran veks i nemoral til nordboreal sone.

Den heimlege utbreiinga er i dei kystnære og subalpine barskogane i California, Oregon, Washington, British Columbia, Yukon Territory og sørlegaste Alaska (“the Panhandle”) i vestlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Det er ein god del morfologisk variasjon i fjelledelgran, og det er skilt ut tre rasar innanfor arten. Bestandar i dei mest kystnære fjella i Nord-Amerika høyrer til rasen var. lasiocarpa, medan dei som er knytt til Rocky Mountains er beskrivne som ein annan rase, nemleg var. bifolia (A.Murray bis) Eckenw. eller som særskild art Abies bifolia A.Murray bis, og sør i utbreiinga er det beskrive ein tredje rase, var. arizonica (Merriam) Lemmon.

Systematisk høyrer fjelledelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av desse er dyrka og forvilla i Noreg. Balsamedelgran Abies balsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii frå Aust-Asia. Gruppa har fleire fellestrekk. For det første har knoppane mykje harpiks. For det andre står ikkje nålene i tydelege rekkjer. For det tredje er nålverket reint grønt på oversida av di at nålene berre har nokre få eller manglar spalteopningar på oversida, med unnatak for Abies lasiocarpa der nålverket oftast er grågrønt eller blågrønt på grunn av fleire spalteopningar på oversida. Artane i seksjonen Balsamea er dei som det er mest vanskeleg å skilje frå kvarandre i slekta Abies.

Forvekslingar

Dei einaste andre artane av edelgranslekta i Noreg med nålverk som er grågrønt eller blågrønt på oversida, er koloradoedelgran Abies concolor, nobelgran Abies procera og praktedelgran Abies magnifica. Koloradoedelgran og fjelledelgran har knoppar som er heilt dekte med harpiks, og dei to kan bli skilde på lengden på nålene. Fjelledelgran har nåler kortare enn 4 cm, medan koloradoedelgran har nåler lengre enn 4 cm. Nobelgran og praktedelgran har knoppar utan eller med lite harpiks. Fjelledelgran kan likevel stundom ha nokså grønt nålverk, av di det kan vere berre få band med spalteopningar på oversida av nålene.

Kjelder

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/abies-lasiocarpa/ Lasta ned 15/11/2023.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Abies_lasiocarpa.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Fjelledelgran Abies lasiocarpa (Hook.) Nutt. www.artsdatabanken.no/Pages/285849. Lasta ned <dag.månad.år>.