Svartfuru kan bli eit svært stort tre der ho veks som heimleg, men blir ikkje ikkje så stor i norske hagar, her i Trondheim.

Svartfuru er ei storvaksen furu som dannar skog i dei fleste fjellstroka kring Middelhavet og Svartehavet. I Noreg er arten innført frå byrjinga av 1900-talet til bruk som eit staseleg prydtre.

Kjenneteikn

Svartfuru er eit stort, seint veksande tre som blir 15–20 m høgt i Noreg og opptil 55 m høgt i fjella ved Middelhavet. Stammen er svartbrun. Unge kvistar er tjukke, snaue og svært mørke. Nålene sit to og to saman på kortskott og blir opptil 18 cm lange. Konglene er om lag sitjande på kvisten. Kongleskjela er svarte eller purpursvarte mot grunnen, men har strågul apofyse og bleikbrun eller bleikraud umbo (navle) mot toppen. Svartfuru spreier pollen om våren og er vindpollinert. Frøa har ei vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Borken hos svartfuru er grov og sprekk opp i store, mørke flak.

Nålene hos svartfuru er de lengste og kraftigaste av nåler hos dei artane som har to nåler i bunten.

Kongleskjela hos svartfuru er trefarga, synleg når kongla opnar seg.

Ei opna kongle av svartfuru er ganske fargerik og dekorativ.

Kromosomtal

Svartfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Svartfuru er innført og planta som prydtre i låglandet nord til Trøndelag. Arten har dei siste åra byrja å forvilla seg i skog og kratt, men forvilla plantar har truleg ikkje vorte kjønnsmodne enno. Arten er fram til januar 2020 dokumentert forvilla i Østfold, Oslo, Buskerud, Vestfold, Telemark og Vest-Agder. Svartfuru kan ha byrja å forvilla seg allereie frå 1930, men meir sikkert først etter 2000. Det er uvisst om arten har reproduserande bestandar i norsk natur enno. Han er sein med å forvilla seg av di han veks seint og først set kongler og frø etter mange tiår. Forvillinga er knytt til nemoral og boreonemoral sone.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Nordvest-Afrika og Den iberiske halvøya over Alpane, Appenninane og Balkan til Krim, Tyrkia og Kypros, i mange skilde område. Gaussen mfl. (1993) reknar med fem underartar (geografiske rasar) i Europa. Dei norske plantane er ikkje undersøkte med tanke på tilhøyrsle til underartar.

Forvekslingar

Svartfuru kan bli forveksla med furu Pinus sylvestris, bergfuru Pinus mugo og vrifuru Pinus contorta. Dei har alle nåler som sit to og to saman på kortskott. Dei tynne kvistane, og borken som flaknar av i tynne, oransjeraude flak på stammen, skil furu frå svartfuru og dei andre artane. Svartfuru har dei lengste nålene, opptil 18 cm lange, og kongleskjel med stor fargeskilnad mellom umbo, apofyse og nedre del av kongleskjela. Vrifuru har umbo med ein kvass tagg, og dessutan har ho oftast serotine kongler der mange først opnar seg og spreier frøa under og etter ein skogbrann. Greinene hos vrifuru har difor kongler av fleire årgangar i ein serie langsetter kvisten. Bergfuru har om lag sitjande kongler som ikkje heng ned, medan furu har tydeleg skafta kongler som blir hengande.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Gaussen H, Heywood VH og Chater AO (1993). Pinus L. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Svartfuru Pinus nigra J.F.Arnold. www.artsdatabanken.no/Pages/285818. Lasta ned <dag.månad.år>.