Den arten som berre heiter edelgran på norsk, kjem frå fjellområda i Mellom- og Sør-Europa. Arten er innført som prydtre og skogbrukstre og er den oftast forvilla av alle norske edelgran-artar.

Kjenneteikn

Edelgran kan bli eit stort tre på opptil 35 meter. Unge stammar har grå bork. Unge kvistar er trinne, bleikt gulbrune, og dei har bleikbrune hår. Knoppane er butte og er utan harpiks. Nålverket er mørkgrønt på oversida. Nålene sit skruestilte, men i fire tydelege rekkjer, to rekkjer horisontalt ut på kvar side av kvisten, og dette gjev eit flatt nålverk. Den øvre rekkja har tydeleg kortare og noko meir framretta nåler enn den nedre. På grunn av at nålene er sidestilte, dekkjer dei ikkje oversida av kvisten. Nålene er 1,5–3 cm lange og dei er utranda i spissen. Oversida av nålene er blankt mørkgrøn med ei grunn renne og utan spalteopningar. Undersida av nålene har to smale, kvite band, kvart med 5–9 striper med spalteopningar. Nålene har mediale harpikskanalar. Konglene er 10–15 cm lange. Edelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

På undersida har nålene hos edelgran to smale, svært lyse band med spalteopningar.

Nålverket hos edelgran er avflata med nåler i fire rekkjer, to lange ut til sida og to kortare retta litt meir framover. Difor dekkjer ikkje nålene oversida av sjølve kvisten.

Kromosomtal

Edelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Edelgran har eit noko større næringskrav til jordsmonnet enn det norsk gran har, og arten veks godt på kalk- og leirholdig mineraljord. Det same gjeld varmekravet, som er noko høgare enn for gran. Arten er svært skuggetolerant og kan skugge ut andre artar. Edelgran har ikkje frøbank, men arten har ofte eit tett sjikt av frøplantar og unge plantar i skogbotnen. Desse står klare til å vekse opp dersom hogst eller vindfall skapar ei opning. Edelgran vart innført som skogstre og prydtre på 1700-talet og vart rapportert som forvilla allereie i 1770. Arten er bufast og i rask auke i norsk natur. Edelgran er naturalisert i lågurt-granskog og stundom i rik lauvskog. Arten er nokså vanleg til spreidd på Austlandet nord til Åmot i Østerdalen i Hedmark og Lillehammer i Oppland og i kyststrøk til Steinkjer i Nord-Trøndelag, med meir spreidde førekomstar i Nordland og nord til Harstad i Sør-Troms, kanskje til Tromsø i Midt-Troms. Han er knytt til nemoral til sørboreal og mogelegvis mellomboreal sone.

Edelgran er vidt utbreidd som heimleg i fjellstrøk og høge åstrakter i Sør- og Mellom-Europa nord til Midt-Tyskland og Midt-Polen.

Kommentarar

Edelgran var truleg fast reproduserande i norsk natur før år 1800 og blir difor rekna som ein heimleg art etter definisjonane til Artsdatabanken. Artsnamnet “alba” tyder kvit og siktar til dei kvite banda på undersida av nålene. Nålverket til edelgran gjev eit grønt preg, så det vitskaplege namnet kunne ha vore betre. Dette er eitt av dei innførte bartrea med størst spreiing i Noreg.

Forvekslingar

Edelgran kan bli forveksla med stillehavsedelgran Abies amabilis og kjempeedelgran Abies grandis. Desse er dei tre einaste norske edelgran-artane med eit flatt nålverk der nålene sit i fire (nokså) tydelege rekkjer. Stillehavsedelgran og kjempeedelgran skil seg frå edelgran i at knoppane har mykje harpiks, medan hos edelgran er dei utan harpiks, og i at harpikskanalane er epidermale, medan dei hos edelgran er mediale. Likskapen mellom europeisk edelgran og desse to amerikanske artane, er overflatisk.

Det er ikkje uvanleg å forveksle edelgran og barlind Taxus, om ein er litt rask, men dei spisse nålene skil barlind frå om lag alle edelgranartar, med eit unnatak, den svært sjeldsynte gresk edelgran Abies cephalonica, som elles ikkje liknar mykje på ei barlind. Medan barlind har (gul)grøn underside på nålene, utan synlege striper med spalteopningar, har alle edelgran-artar nåler med tydelege, bleike til kvite band med spalteopningar på undersida. Hokonglene er, naturlegvis, heilt ulike hos edelgran og hos barlind (som ikkje har kongler).

Kjelder

Chater AO (1993). Abies Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. Ed.: 39–40.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Den virtuella floran. http://linnaeus.nrm.se/flora/barr/pina/abies/abiealb.html Lasta ned 15/11/2023.

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Abies_alba.php Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Edelgran Abies alba Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/285845. Lasta ned <dag.månad.år>.