Lutzgran har eit lyst blågrønt nålverk på grunn av spalteopningar på begge sider av nålene.

Lutzgran er ein hybridart mellom kvitgran og sitkagran. Kryssinga skjer spontant i naturen der treslaga møter kvarandre naturleg i kystnære strøk i delar av Alaska, Yukon Territory og British Columbia. Hybridarten er fullt fertil og er i bruk i stort omfang i skogbruket i Noreg.

Kjenneteikn

Lutzgran blir eit stort tre på opptil 50 m i heimlandet, men blir ikkje så høg i Noreg. Unge kvistar er snaue. Nålene er nokså flate og oftast med kjøl på den eine eller begge sider. Dei er noko blågrøne og spisse. Nålene har to band med spalteopningar på oversida, kvart med 2–4 striper, og to band på undersida, kvart med 5–8 striper, slik at undersida er tydeleg lysare i farge enn oversida. Konglene er 3–8 cm lange. Kongleskjela er nokså tynne og tanna eller frynsete i kanten. Lutzgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålene hos lutzgran er blankt grøne med tynne striper av spalteopningar.

Undersida av nålene hos lutzgran har breie, kvite striper av spalteopningar. Kvistane er snaue.

Konglene hos lutzgran har dei tynne, frynsete kongleskjela nedarva frå sitkagran, men har den korte kongleformen frå kvitgran.

Kromosomtal

Lutzgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Lutzgran er innført som skogstre og svært mykje planta i seinare tid, særleg vestpå og nordpå. Ho er funnen forvilla dei siste tiåra, men på grunn av samanblanding med sitkagran, er det uvisst når ho først dukka opp som forvilla. Lutzgran er truleg mykje oversett, men ho er bufast og i rask auke i norsk natur. Ho er naturalisert i kystlynghei, anna hei og skog, og ho fortrengjer både heivegetasjonen og lauvskogen. Lutzgran er sjeldsynt på Austlandet og Sørlandet, vanleg på Vestlandet nord til Sør-Troms, men òg med funn lengre nord. Ho er knytt til dei boreale sonene, men etablerer seg òg i boreonemoral og unnataksvis i nemoral sone.

Lutzgran kjem frå Sør-Alaska, sørlege Yukon Territory og nordlege British Columbia, der utbreiingane til foreldreartene overlappar. Frø som er samla inn til skogbruk, kjem frå mange ulike, spontane hybridpopulasjonar, og dyrka lutzgran varierer difor mykje.

Lutzgran spreier seg i stor mengd i kystheilandskapet, her frå Værlandet i Askvoll.

Kommentarar

Lutzgran er ein fullt fertil hybridart mellom kvitgran Picea glauca og sitkagran Picea sitchensis. Ho kan difor krysse seg attende med foreldreartane og blir difor formrik. Hybridplantane kan stå nærare den eine eller den andre av foreldreartane, og dette kan gjere artsidentifisering av einskilde plantar vanskeleg eller om lag umogeleg.

Forvekslingar

Lutzgran kan vera vanskeleg å skilje frå foreldreartane, særleg frå sitkagran. Kvitgran har nåler som er firkanta i tverrsnitt og ofte butte. Sitkagran har nåler som er flate i tverrsnitt og svært spisse. Difor har lutzgran nåler som er ein stad imellom flate og firkanta og oftast ikkje fullt så spisse som hos sitkagran. Sitkagran har nokre få, lite tydelege og avbrotne striper med spalteopningar på kvar side av midtnerven på oversida av nålene og er difor meir grøn på oversida enn lutzgran. Hos lutzgran er dessutan alle striper med spalteopningar samanhengande. Nålene til kvitgran er tydeleg blågrøne på alle fire sider. Kvitgran har kongler med faste kongleskjel som er avrunda og heile i toppen, medan både lutzgran og sitkagran har kongler med tynnare, noko trekanta kongleskjel som er litt tilspissa og frynsete i toppen.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Lutzgran Picea ×lutzii Little. www.artsdatabanken.no/Pages/285836. Lasta ned <dag.månad.år>.