Europalerk er vanleg både som innført skogstre og som prydtre i Noreg, her forvilla i Bymarka i Trondheim.

Europalerk kjem frå fjellstrøk i Mellom-Europa. Ho blei innført til Noreg allereie i 1740 som skogstre og prydtre, og ho forvilla seg i norsk natur før 1800.

Kjenneteikn

Europalerk er eit nokså stort tre på opptil 35 m. Sidegreinene er ofte hengjande på hovudgreinene. Nålene sit 10 eller fleire saman i buntar på tappforma kortskott på eldre skott, medan dei sit enkeltvis på årsskott. Nålene er mjuke og fell av om hausten. Unge kvistar er gulbrune til gulgrå, snaue eller grissent håra. Konglene er korte og opprette, og dei fell av heile. Kvar kongle har 35–50 kongleskjel. Kongleskjela er rette eller svakt innbøygde i toppen, stripete langsetter og grissent håra, men dei er snaue mot spissen. Dei blir med tida om lag dobbelt så lange som dekkskjela. Europalerk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Europalerk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Europalerk blei innført av tyske forstfolk og truleg først planta på Meheia på grensa mellom Kongsberg i Buskerud og Notodden i Telemark i 1740, og ho vart planta elles i Telemark og i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag dei neste 60 åra. Det er registrert tidleg og rask spreiing frå alle dei gamle plantingane. Europalerk vart først rapportert som forvilla i 1785. Ho er bufast, naturalisert i skog, kystlynghei, på vegkantar og anna skrotemark og er i rask auke. Europalerk finst forvilla i alle fylke og som nokså vanleg frå nemoral til mellomboreal sone, men ho finst óg forvilla i nordboreal sone. Ho er hyppig i låglandet og dalføra i alle fall på Austlandet og i kyst- og dalstrøk nord til Finnmark. Ho er funnen til 1000 moh., i lågalpint belte, i Vang i Oppland. Europalerk er eit nokså lyselskande treslag som slepp sollys gjennom krona tidleg og seint i sesongen, i motsetnad til eviggrøne bartre. Europalerk har, på grunn av årleg felling av bar, eit stort og surt nålfall som endrar næringsforholda i jorda.

Den heimlege utbreiinga er i fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa og strekkjer seg frå Frankrike til Polen og Ukraina.

Kommentarar

Det finst to beskrivne underartar av europalerk: polsk lerk subsp. polonica (Racib. ex Wóycicki) Domin i Karpatane og alpelerk subsp. decidua i Alpane. Polsk lerk skil seg frå alpelerk i at kvistane er bleikare og konglene stuttare og med færre kongleskjel (15–30 mot 25–50). Det er ikkje kjent om vi har begge underartane i Noreg, men subsp. decidua er bekrefta.

Forvekslingar

Europalerk kan bli forveksla med dei andre innførte lerkartane, og kongler er viktige for identifikasjon av artane. Japanlerk Larix kaempferi og hybridlerk Larix ×marschlinsii har kongleskjel som er meir eller mindre utbøygde i toppen, sibirlerk L. sibirica har kongleskjel som er litt innbøygde i toppen, og hos europalerk er dei om lag rake i toppen. Europalerk har tydeleg stripete og grissent håra kongleskjel, men dei er snaue mot spissen. Dei vert med tida om lag dobbelt så lange som dekkskjela. Sibirlerk har ingen eller svært utydelege striper og tetthåra kongleskjel. Dei vert om lag 3 gonger så lange som dekkskjela. Sidegreinene hos store, gamle europalerk er oftast hengande, noko dei ikkje er hos sibirlerk, japanlerk eller hybridlerk. Kvistane hos europalerk er om lag snaue, medan dei er håra hos sibirlerk. Kvistane hos europalerk og sibirlerk er gulbrune og heilt utan raudskjær, medan dei er lyst purpurfarga eller raudbrune hos japanlerk, og oftast òg med tydeleg raudskjær hos hybridlerk.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Franco, J do Amaral (1993). Larix Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Europalerk Larix decidua Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/285827. Lasta ned <dag.månad.år>.