Furu er, saman med gran, det mest utbreidde bartreet og nest etter gran det mest brukte trevirke i Noreg. Furu er utbreidd i storparten av Europa og nord i Asia, frå Atlanterhavet til Stillehavet. Ho er den vidast utbreidde av alle furuartar.

Kjenneteikn

Furu er eit tre som blir opptil 40 m høgt. Eldre stammar har grov bork som er mørkbrun nedst, brunraud øvst, og som flaknar av i tynne, oransjeraude flak. Unge kvistar er nokså tynne, mindre enn 5 mm tjukke. Knoppane er spisse og klisne av harpiks. Nålene sit to og to saman og blir 2–8 cm lange. Konglene sit på skaft som er meir enn 5 mm lange. Dei er spisse og matt gulbrune som unge; seinare blir dei gråbrune og bøyer seg tidleg nedover. Kongleskjela har ein ryggstilt apofyse og ein umbo utan kvass pigg. Furu spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Kongla mognar etter to år. Frøa har ei vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Furu er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Furu har ei svært stor økologisk spennvidde, frå vått til tørt og frå surt til baserikt. Ho veks difor både i tørr skog, myrskog og på skogsett myr, både på surbotn og på kalkgrunn i heile landet frå kyst og lågland opp mot fjellet og om lag nord til den polare skoggrensa. Ho er mest vanleg i dei boreale sonene, men er òg vanleg i nemoral og boreonemoral sone og er funnen opp i snaufjellet med einskilde plantar til 1410 moh. Ho er eit viktig innslag i det boreale barskogbeltet som ofte blir kalla taigaen. Furu krev mykje lys og blir difor nokså lett konkurrert ut av gran i mørk skog, men ho er er meir konkurransesterk enn gran på tørr grunn og på torvmyrar.

Utbreiinga til furu er breitt eurasiatisk. Arten er utbreidd frå Skandinavia i nord til Skottland i vest, til Spania, Krim og Kaukasus i sør, og gjennom Sibir, Nord-Kina og Mongolia om lag til Stillehavskysten i aust.

I tørr skog kan daude furutrær (‘tørrgadd’) stå att i hundre år og er ein fristad for lav, mose, insekt og fugl. Her på Annevasshøgda i Drammen.

Kommentarar

Furu blir delt på to underartar som er knytt saman av mellomformer: skogfuru subsp. sylvestris og lappfuru subsp. lapponica (sjå Christensen 2000 og Elven mfl. 2013). Sjå desse underartane for ein nærare omtale.

Forvekslingar

Furu kan bli forveksla med svartfuru Pinus nigra, vrifuru Pinus contorta og bergfuru Pinus mugo. Desse fire artar har nåler som sit to og to saman. Dei tre andre har tjukkare årskvistar enn furu. Svartfuru har dei lengste nålene, opptil 18 cm lange, og kongleskjel med stor fargeskilnad mellom umbo, apofyse og nedre del av kongleskjelet. Vrifuru har umbo med ein kvass tagg, og dessutan har to av artens tre varietetar såkalla serotine kongler der mange eller alle konglene ikkje opnar seg, men venter på ein skogbrann før dei opnar seg. Greinene har difor kongler av fleire årgangar i ein serie langsetter kvisten. Bergfuru er mest lik vår furu, men har mykje tjukkare kvistar og om lag sitjande kongler som ikkje heng ned, medan furu har tydeleg skafta kongler som blir hengande. Borken, som flassar av i tynne, oransjeraude flak på stammen, skil òg furu frå desse artane.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 373–398.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Furu Pinus sylvestris L. www.artsdatabanken.no/Pages/285815. Lasta ned <dag.månad.år>.