Om ein finn ei marihand med gule blomar i norsk natur, er det ei søstermarihand. Ingen andre norske eller nordiske artar av marihand har gule blomar, og det er heller ikkje andre norske orkidéar med klårt gule blomar. Det at ein berre finn plantar med gule blomar i Noreg, er eit mysterium, fordi søstermarihand elles i verda har om lag like mange plantar med gule og med purpurraude blomar i populasjonane. Kvifor det berre er gulbloma plantar i Noreg, treng ei forklåring, men vi har førebels berre ein hypotese (sjå nedanfor).

Gule og raude søstermarihand saman på alvar-eng på Öland. Slikt ser vi ikkje i Noreg, der alle søstermarihand som er funne, er gulbloma.

Kjenneteikn

Søstermarihand er oftast nokså lågvaksen, opptil 30 cm høg. Knollane er tjukke og breie med mykje kortare flikar enn hos dei andre norske artane av slekta. Blada er friskt grøne, omvendt lansettforma, butte og uflekka. Dei største blada sit nedst på stengelen, men dei øvste er ikkje slireforma (som hos Orchis). Blomestanden er eit kort, kompakt aks. Støtteblada er tynne og hinneforma som hos Orchis og ulikt dei hos dei andre artane i Dactylorhiza. Dei har små, men nokså høge og tydelige, runde til kvasse tenner. I Noreg er blomeblada gule med raude prikkar, medan plantar med purpurraude blomeblad er ofte like vanlege som gule i alle andre land. Leppa er om lag heil.

Søstermarihand skil seg noko frå dei andre i slekta ved at alle dei største blada er samla nær grunnen av stengelen.

Kromosomtal

Søstermarihand er diploid med grunntal x = 20 (21) og kromosomtal 2n = 40 (42).

Økologi og utbreiing

Søstermarihand veks ofte i tradisjonelt skjøtta slåtteeng og beitemark, men er òg ofte funnen på berghyller og i bergskorter. Arten veks oftast nokså tørt og mest på noko baserik grunn, men han er ikkje direkte kalk-tilknytta. Utbreiinga i Noreg er unik. Arten er konsentrert til eit område vest på Austlandet frå AA Arendal og Bygland og aust- og nordover til Vf Larvik, Bu Nedre og Øvre Eiker, Sigdal og Kongsberg, og Te Tinn og Tokke. Hovuddelen av utbreiinga ligg i Telemark. I Te Tinn er han funnen opp til 1040 moh., medan han i Te Kragerø og AA Tvedestrand er funnen ned til sjønivå og heilt ut i skjærgården. I 2021 blei arten funnen, svært overraskande, på Asmaløy i Øf Hvaler, òg her gulbloma. Den norske utbreiinga, som er omtala i detalj, men no noko forelda, av Nordal og Wischmann (1987, 1996) og Norderhaug m.fl. (1997), er isolert frå resten av utbreiinga til arten i Europa. I Norden veks arten hovudsakleg lengst sør og søraust i Sverige, på Åland og såvidt inn i Sørvest-Finland. Den globale utbreiinga omfattar mykje av Europa, men ikkje lengst i vest, og ho strekkjer seg austover til Kaukasus og fjella sør for Det kaspiske hav.

Søstermarihand veks på noko baserik grunn, men er ikkje kalk-tilknytta. Her i ei bratt li i Tokke i Telemark, på ein typisk veksestad for arten.

Kommentarar

Kva kan vere forklaringa på at det berre er funne gulbloma plantar i Noreg? Den einaste hypotesen vi har, er at det berre har vore éin immigrasjon til Noreg, og at denne immigranten (eller dei immigrantane) var gulbloma. Dette har òg støtte i at det norske delarealet er så isolert frå resten av den europeiske utbreiinga.

Forvekslingar

Det er ingen andre norske orkidéar som kan bli forveksla med den gulbloma arten søstermarihand.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nordal I og Wischmann F (1987). Søstermarihand (Dactylorhiza sambucina) i Norge. Blyttia 45: 30–38.

Nordal I og Wischmann F (1996). Dactylorhiza sambucina. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 51–52 + pl. 15d. Fagbokforlaget, Bergen.

Norderhaug A, Bakkevik B og Skogen A (1997). Søstermarihand, Dactylorhiza sambucina, en truet art i Norge? Blyttia 55: 73–86.

Siter nettsida som:

Elven R. Søstermarihand Dactylorhiza sambucina (L.) Soó. www.artsdatabanken.no/Pages/312218. Lasta ned <dag.månad.år>.