Himalayaeiner er ein opprett busk eller eit lite tre med blågrønt nålverk, svært mykje brukt som prydplante i hagar. Han er ikkje funnen som skikkeleg forvilla i Noreg, berre som attståande frå tidlegare dyrking.

Kjenneteikn

Himalayaeiner er særbu, dvs. med særskilde hann- og hoplantar. Han er ein busk eller eit lite tre med opprett vekst. Nålverket er oftast blågrønt. Alle blada er nålforma og sit i kransar på 3. På oversida har nåla ei grunn fure med spalteopningar. Ved grunnen av nåla er det ikkje eit ledd, eit trekk som skil han frå einer Juniperus communis, og bladgrunnen er noko nedløpande på kvisten. Hannkonglene er gule, og himalayaeiner spreier pollenet om våren. Pollenet er vindspreidd. Hokonglene sit i enden av kvistane, og ikkje i hjørne av nålkransar som hos einer. Dei er grøne første året, men blir andre året blåsvarte. Frøa sit i ei litt saftig bærkongle som er samanvaksen av tre samanvaksne dekkskjel og kongleskjel. Konglene blir spreidde med fugl.

Hos himalayaeiner er alle blada nålforma, og dei er litt nedløpande på kvisten.

Dei nedløpande nålene, utan eit ledd ved grunnen, er synlege på dette biletet.

Kromosomtal

Himalayaeiner er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Himalayaeiner er vanleg å sjå i hagar og parkar i Noreg, men i noko som med litt velvilje kanskje kan bli kalla “norsk natur”, er han berre funnen éin stad som attståande på skrotemark i Øvre Eiker i Buskerud, truleg som rest etter eit gartneri som vart lagt ned for lenge sidan.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Afghanistan gjennom Himalaya til Sør-Kina og Taiwan, kor han veks som eit subalpint tre til 4600 moh. eller meir.

Forvekslingar

Himalayaeiner og kinaeiner Juniperus chinensis liknar på vår heimlege einer Juniperus communis, men medan vår heimleg einer har nåler med eit ledd ved grunnen, og som ikkje er nedløpande, har dei to andre noko nedløpande nåler utan ledd ved grunnen. Hokonglene hos himalayaeiner og kinaeiner er endestilte på skotta, medan dei hos vår heimlege einer er sidestilte ved grunnen av ein nålkrans.

Himalayaeiner skil seg frå kinaeiner i at alle blada er nålforma og blågrøne. Kinaeiner har nålforma blad på ungskott og skjelforma, motsette blad på eldre skott, og her er nålverket meir grågrønt.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fu LK, Yu YF og Farjon A (1999). Cupressaceae. I Wu ZY og Raven PH (utg.), Flora of China 4: 62–77.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Himalayaeiner Juniperus squamata Buch.-Ham. ex D.Don. www.artsdatabanken.no/Pages/305106. Lasta ned <dag.månad.år>.