Lawsonsypress kjem frå vestlege Nord-Amerika og er innført som skogstre, men hovudsakleg som prydtre, i Noreg. Han forvillar seg noko.

Lawsonsypress er nokså vanleg i norske hagar og parkar, her med ei serbargran bak, frå Hokksund i Øvre Eiker.

Kjenneteikn

Lawsonsypress kan bli eit stort tre, i Noreg opptil 20 m eller meir, og i Amerika kan han bli over 50 m høg. Toppskotta er nikkande eller hengande. Stammen har mørkt brungrøn til raudleg gråbrun bork som flaknar av med tida. Skotta er avflata og vifteforma. Blada er skjelforma og motsette. Dei sit i fire tydelege rekkjer, to på flatene og to i kantane. Blada på oversida av kvisten er mørkgrøne, tiltrykte og spisse. Midtblada har ein meir eller mindre tydeleg, gjennomskinleg og avlang kjertel. Blada på undersida av kvisten er bleikgrøne, men ikkje blågrøne, og med ein kvit flekk med spalteopningar ved grunnen. Pollensekkane er raude. Hokonglene er kuleforma, 8–12 mm breie, og sit i knippe. Dei er først grøne, men blir sidan brune. I kvar kongle er det 6–10 samanvaksne dekkskjel og kongleskjel med ein liten, butt tapp på ryggen. Frøet har to vengjer, éin på kvar side, og dei er om lag jambreie med kroppen på frøet. Lawsonsypress spreier pollenet om våren eller på forsommaren og er vindpollinert. Frøa er hovudsakleg vindspreidde.

Nålverket hos lawsonsypress er noko blågrønt, med skjelforma blad i fire tydelege rekkjer. Blada på oversida har ein gjennomskinleg og avlang kjertel.

Blada på undersida av skotta hos lawsonsypress har ein bleik flekk ved grunnen.

Konglene hos lawsonsypress har seks til ti skjoldforma kongleskjel, kvart med ein liten tapp på ryggen.

Her held konglene hos lawsonsypress på å opne seg, og frøa held på å falle ut.

Kromosomtal

Lawsonsypress er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Lawsonsypress er innført som prydtre og skogstre og vart først rapportert som forvilla i 1942. Han er frøforvilla i skog, på skrotemark og i berg, og er bufast. Han er funnen spreidde stader på Austlandet inn til Oslo og Buskerud, men er meir hyppig i kyststrøk nord til Møre og Romsdal. Han er òg funnen i Sør-Trøndelag. Han er funnen i boreonemoral og sørboreal sone.

Den heimlege utbreiinga er avgrensa til eit svært lite område ved Stillehavskysten kring grensa mellom California og Oregon, med ein isolert førekomst i fjella inne i landet i nordaustre California.

Kommentarar

Lawsonsypress er oppkalla etter skotten Peter Lawson som introduserte arten til hagebruket. Av dei store skogstrea som finst i vestlege Nord-Amerika, er det lawsonsypressen som har fått hardast medfart av menneskeleg aktivitet. Om lag alle gamle skogar er hogde, og attståande tre døyr av ein innført soppsjukdom (Phytophthora lateralis) frå Asia, der dei lokale Chamaecyparis-artane er meir resistente.

Forvekslingar

Dei to artane vi har i Noreg av slekta Chamaecyparis kan bli forveksla. Lawsonsypress skil seg frå nålesypress i at blada har ein tydeleg, avlang og noko gjennomskinleg kjertel, i at blada på undersida av kvistane er bleikgrøne og ikkje blågrøne, og i at hokongla oftast er større enn 8 mm. Nålesypress har ein utydeleg kjertel, blada på undersida av kvistane er noko blågrøne og hokongla er opptil 8 mm. Kulerunde kongler skil lawsonsypres frå tuja som har eggforma kongler. Lawsonsypress kan òg bli forveksla med nutkasypress, som er i Callitropsis-slekta. Nutkasypress har samanvaksne dekkskjel og kongleskjel med ein tornforma spiss, medan lawsonsypress har skjel med ein låg, nokså butt tapp.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). Gymnosperm database. https://www.conifers.org/cu/Chamaecyparis_lawsoniana.php Lasta ned 16/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Michener DC (1993). Chamaecyparis Spach. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 408–410.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Lawsonsypress Chamaecyparis lawsoniana (A.Murray bis) Parl. www.artsdatabanken.no/Pages/285870. Lasta ned <dag.månad.år>.