Kranstrefamilien Araucariaceae er ein liten familie med tre slekter og 41 artar i verda i dag, men dette er ein siste rest etter ei lang utvikling frå jordas mellomtid (Mesozoicum). I Noreg er to av artane av slekta Araucaria rimeleg velkjende som innførde plantar, apeskrekktre i hagar sør- og vestpå og stovegran som ein vanleg stove- og kontorplante.

Familien hadde si største utbreiing i dei geologiske periodane Jura og Kritt, samstundes med hovudperioden for dinosaurane, og familien hadde stor utbreiing lenge før det dukka opp nokre blomeplantar. På den tida utgjorde artar av denne familien ein hovuddel av skogane over om lag heile jorda. Slekta Araucaria er kjend attende til midtre Jura for ca. 170 millionar år sidan, frå fossil frå England og Argentina. Slekta Wollemia var rekna som forlengst utdøydd inntil ein art (Wollemia nobilis) blei funnen i New South Wales i 1994. Slekta Wollemia går tilbake til overgangen mellom Kritt og Tertiær for ca. 64 millionar år sidan, då ho skilde lag frå den tredje slekta i familien, Agathis. Slekta Agathis går tilbake til tidleg Kritt, om lag 110 millionar år tilbake, og omfattar fossil som støtter opp om modellen for oppsplittinga av det sørlege superkontinentet, Gondwanaland. Utan omsyn til korleis ein ser det, er desse tre slektene og deira representantar mellom dei eldste levande fossil i verda i dag.

Artane av denne familien er store, eviggrøne tre, opptil 60 m høge eller meir. Agathis australis frå New Zealand er det tredje største treet i verda (i biomasse), etter kjempetrea frå sypressfamilien i California. Trea har rette stammar med mykje harpiks. Greinene er kransstilte (jf. det norske familienamnet). Blada er nålforma eller flate (med bogenervar) og skruestilte. Artane er særbu eller sambu. Hannkonglene er dei største hos nolevande bartre, sylindriske og ofte nikkande. Hokonglane er òg svære. Dei kan vere 4,5–6,8 kg tunge, fell av heile frå ofte meir enn 20 m høgd, og kan slå ihjel folk og dyr. Dei er endestilte på skotta, med talrike dekk- og kongleskjel som kan vere frie eller samanvaksne, og oftast med berre eitt frø på kvart kongleskjel. Frøa er store, hos mange artar utstyrte med ei vengje og vindspreidde, men hos nokre utan vengje og dyrespreidde. Frø av Araucaria i Chile er handelsvare som “nøtter”, men dei er, etter eiga erfaring, ikkje særleg velsmakande.

Slekta Wollemia er i dag berre kjend frå den eine arten i Australia. Slekta Agathis er nokså vidt utbreidd i Søraust-Asia og Australia frå Filippinane sør til New Zealand, med 21 artar. Slekta Araucaria har den vidaste utbreiinga, i Søraust-Asia, Australia og i Sør-Amerika (der ho går svært langt sør), med 19 artar (13 av desse endemiske på Ny-Caledonia åleine).

I Noreg blir berre apeskrekktre Araucaria araucana frå Sør-Amerika dyrka utandørs, og arten set frø og er blitt funnen med ungplantar i hagar og parkar. Den arten som dei fleste kjenner, er nok heller stovegran Araucaria heterophylla frå Norfolk Island i vestlege Stillehavet mellom Ny-Caledonia og New Zealand.

Kjelder

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kranstrefamilien Araucariaceae Henkel & W.Hochst. www.artsdatabanken.no/Pages/305096. Lasta ned <dag.månad.år>.