Balsamedelgran kjem frå austlege Nord-Amerika. Arten er svært hardfør og er innført som skogstre, i noko mindre grad som prydtre. Han er dokumentert som forvilla nokre få stader i Noreg, men kan vere mykje oversett.

Kjenneteikn

Balsamedelgran blir eit opptil 25–30 m høgt tre. Unge stammar har grå bork. Unge kvistar er trinne, grå, gulgrå eller gulbrune, og har grå eller brune hår. Knoppane har svært mykje harpiks. Nålverket er mørkgrønt på oversida. Nålene sit ikkje i fire tydelege rekkjer. Dei står horisontalt og rett ut på undersida av kvisten, men er meir oppbøygde på oversida og dekkjer kvisten. Nålene er 1,5–2,5 cm lange, tjukke og butte eller litt utranda. Oversida av nålene er mørkgrøn med opptil 3 korte, avbrotne striper av spalteopningar mot spissen. Undersida av nålene har to kvite band, kvart med 4–8 striper med spalteopningar. Nålene har mediale harpikskanalar. Konglene er 4–8 cm lange. Balsamedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålene hos balsamedelgran er friskt grøn, med nokre utydelege striper med spalteopningar.

Undersida av nålene hos balsamedelgran har to kvite band med spalteopningar.

Kromosomtal

Balsamedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Balsamedelgran er innført som skogstre og prydtre i Noreg. Arten vart først rapportert som forvilla i 1960 (Nedkvitne 1960), men han er kjend som frøberande frå 1850, og ein kan rekne med at han forvilla seg mykje tidlegare enn 1960. Balsamedelgran er bufast og i auke, men er truleg mykje oversett. Arten er no kjend som forvilla frå Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal (mogelegvis) og Sør-Trøndelag. Hovudutbreiinga er frå nemoral til sørboreal sone.

Balsamedelgran har ei stor utbreiing som heimleg i USA og Canada frå Newfoundland i aust til Alberta i vest. På heimtraktene sine har balsamedelgran ei vid økologisk spennvidde og veks til dømes på torvmyr, våtmark, flommark og gammal kulturmark.

Kommentarar

Balsamedelgran er på sine heimtrakter utøvar av eit merkeleg fenomen som blir kalla, om ein omsett direkte frå engelsk, “bartrebølgjer”. Når trea blir om lag 60 år gamle, er dei så store og tette at dei får mangelfull tilgang til lys og næringsstoff, noko som inneber at dei døyr. Dette gjev lys og næring til nye frøplantar som veks seg store, til dei døyr om lag 60 år seinare.

Systematisk høyrer balsamedelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av desse er dyrka og forvilla i Noreg. Balsamedelgran Abies balsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii frå Aust-Asia. Gruppa har fleire fellestrekk. For det første har knoppane mykje harpiks. For det andre står ikkje nålene i tydelege rekkjer. For det tredje er nålverket reint grønt på oversida av di at nålene berre har nokre få eller manglar spalteopningar på oversida, med unnatak for Abies lasiocarpa der nålverket oftast er grågrønt eller blågrønt på grunn av fleire spalteopningar på oversida. Artane i seksjonen Balsamea er dei som det er mest vanskeleg å skilje frå kvarandre i slekta Abies.

Forvekslingar

Balsamedelgran kan bli forveksla med fleire andre edelgranartar. Ho liknar truleg mest på sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii. Desse tre artane har knoppar med harpiks (balsamedelgran har svært mykje harpiks), unge kvistar utan furer og eit noko avflata nålverk. Balsamedelgran og sibiredelgran har grå til gulgrøne unge kvistar, medan dei hos veitchedelgran er bleikbrune til svartbrune. Balsamedelgran har nåler som peiker oppover eller ut frå kvisten på oppsida, medan sibiredelgran har nåler som peiker framover.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Abies_balsamea.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Balsamedelgran Abies balsamea (L.) Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/285848. Lasta ned <dag.månad.år>.