Sibirsk sembrafuru er eit stort og svært langlevd tre. Ho er innført i austlege strøk og nordpå, hovudsakleg som prydtre frå 1700-talet, men ho har òg vore brukt som skogstre. Sibirsk sembrafuru kjem frå nordaustlege europeisk Russland og Sibir.

Kjenneteikn

Sibirsk sembrafuru er eit stort tre på opptil 40 m. Stammen er lysbrun eller gråbrun. Unge kvistar er tett filthåra. Nålene sit fem saman i kvar bunt på kortskott, og vanlegvis er dei mellom 6 og 11 cm lange. Konglene er tønneforma og opptil 6–12 cm lange, og opnar seg ikkje. Knoppskjela er blankt brune, utan tydeleg hinnekant. Kongleskjela har endestilt umbo. Sibirsk sembrafuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa er tjukke, store og utan vengje. Dei blir spreidd med fugl og pattedyr og blir difor spreidde noko kortare enn hos dei artane som hovudsakleg har vindspreidde frø.

Fem nåler i kvar bunt karakteriserer sibirsk sembrafuru, liksom sembrafuru.

Kvistane hos sibirsk sembrafuru er tett, rustbrunt filthåra, liksom hos sembrafuru.

Knoppskjela hos sibirsk sembrafuru er matt raudbrune utan tydeleg hinnekant.

Kromosomtal

Sibirsk sembrafuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sibirsk sembrafuru vart innført på 1860-tallet frå Russland; ho var dyrka allereie på 1870-talet i Trondheim og i Røros. Ho er eit borealt treslag som er brukt som prydtre og til leplanting. Sibirsk sembrafuru er òg forsøkt forstleg, for ho er meir skuggetolande enn vår furu, men samla produksjonsareal for skogbruk er truleg marginalt. Ho er hardfør og stormsterk og set små krav til jordbotnen. Blant anna kan ho vekse godt på myr i Ural og Sibir. Sibirsk sembrafuru er no bufast og vart først funnen som sikkert forvilla frå 1960-talet i Sør-Varanger, men forvilla seg truleg mykje tidlegare. Ho er forvilla i alle fall nokre stader i indre strøk frå Sør-Trøndelag til Finnmark.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Nordaust-Russland gjennom Sibir og til vestre delar av Russiske fjerne austen.

Kommentarar

Sembrafuru og sibirsk sembrafuru er nært i slekt og blir ofte rekna som to underartar, subsp. cembra og subsp. sibirica, og dei er vanskelege å skilje utan godt materiale. I Finland er sibirsk sembrafuru rapportert som dyrka og hardfør i om lag heile landet, medan sembrafuru berre er rapporter frå lengst sør i landet, under tvil. Det er truleg at vi har noko meir sembrafuru i Noreg enn i Finland, kanskje mest i sør, medan om lag alt nordover kan vere sibirsk sembrafuru. Ingen av dei to artane er rapporterte frå Danmark.

I Aust-Finnmark var “russenøtter” ein handelsvare i pomorhandelen med Russland på 1700- og 1800-talet. Dette var frø av sibirsk sembrafuru, framleis i utstrakt bruk i Russland og Sibir. Det er mogeleg at nokre førekomstar av sibirsk sembrafuru lengst nordaust i Noreg har samanheng med spreiing med russenøtter heller enn frå dyrking som skogstre.

Forvekslingar

Sibirsk sembrafuru er svært lik sembrafuru Pinus cembra. Sibirsk sembrafuru har blanke knoppskjel utan striper og kvit hinnekant, medan sembrafuru har matte og stripete knoppskjel med kvit hinnekant. Sibirsk sembrafuru har kongler som er meir enn 1,5 gonger så lange som breie, medan sembrafuru har kongler som er mindre enn 1,5 gonger så lange som breie. Dei to andre furuartane med fem nåler i kvar bunt, weymouthfuru Pinus strobus og silkefuru Pinus peuce, har begge snaue eller om lag snaue kvistar og ein heilt annan kongletype (sjå desse).

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Prestø T, Hagen D og Vange V (2013). Sembrafuru Pinus cembra invaderer bynært kulturlandskap. Eksempel fra Ladehalvøya, Trondheim. Blyttia 71: 16–26.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sibirsk sembrafuru Pinus sibirica Du Tour. www.artsdatabanken.no/Pages/285825. Lasta ned <dag.månad.år>.