Sibirlerk liknar på europalerk, men har kortare nåler og noko annleis kongler.

Sibirlerk kjem frå nordlege europeisk Russland, Ural og Vest-Sibir. Sibirlerk veks som små grupper mellom andre tre og oftast ikkje som reine bestandar. Arten er innført til Noreg som skogstre og prydtre og forvilla i nokså begrensa omfang.

Kjenneteikn

Sibirlerk kan bli eit nokså stort tre opptil 25 m. Nålene sit 10 eller fleire saman i buntar på tappforma kortskott på eldre skott, medan dei sit enkeltvis på årsskott. Nålene er mjuke og fell av om hausten. Treet har ei smalt pyramidal krone og horisontale til oppbøygde greiner. Unge kvistar er gulgrå og dunhåra. Konglene er korte og opprette, og dei fell av heile. Kvar kongle har 25–50 kongleskjel. Kongleskjela er tydeleg innbøygde i toppen, slette og finhåra. Dei blir med tida om lag tre gongar så lange som dekkskjela. Sibirlerk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kongla hos sibirlerk er kort og med kongleskjel som er sterkt håra på utsida. Unge kvistar har lyst gulbrun bork.

Kromosomtal

Sibirlerk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sibirlerk er innført som skogstre og prydtre. Ho vart først rapportert som forvilla i 1889. Ho er bufast og forvilla i fjellskog, i alle fall til skoggrensa, men ho er mykje dårlegare til å spreie seg enn europalerk (sjå Skulberg og Skulberg 2018). Sibirlerk har spreidde førekomstar på indre Austlandet sør til Mjøstraktene, i Hordaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og nord til Troms, men utbreiinga er lite kjend. I Noreg er sibirlerk knytt til mellomboreal og nordboreal sone.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Kvitsjøen og Onega-sjøen i europeisk Russland austover til Baikalsjøen i søraust-Sibir, med ein isolert førekomst noko lengre aust mot Kina. Sibirlerk er funnen som postglasial fossil i Midt-Sverige (Dalarne, sjå Kullman 2004) og må ha hatt ei mye større utbreiing i tidleg postglasial tid enn no. Det er òg funne pollen av éin eller annan Larix-art fleire stader i Fennoskandia frå siste interglasialen (Eem) og frå ein interstadial under siste istid (Brörup-interstadialen), sjå Forsström (1990).

Kommentarar

Sibirlerk produserer frø med dårleg kvalitet og i små mengder i Noreg, utan at man veit kvifor. Dette kan forklare den noko begrensa spreiinga. Den europeiske delen av utbreiinga av sibirlerk har ofte vorte behandla som ein særskild art: anten som Larix sukaczewii Dylis eller, meir nyleg, som Larix archangelica Lawson.

Forvekslingar

Sibirlerk kan bli forveksla med dei andre innførte lerkartane, og kongler er viktige for identifikasjon av artane. Sibirlerk har kongleskjel som er litt innbøygde i toppen. Japanlerk Larix kaempferi og hybridlerk Larix ×marschlinsii har kongleskjel som er meir eller mindre utbøygde i toppen, og hos europalerk Larix decidua er dei om lag rake i toppen. Kvistene hos europalerk og sibirlerk er gulbrune og heilt utan raudskjær, medan dei er lyst purpurfarga eller raudbrune hos japanlerk, og oftast òg med tydeleg raudskjær hos hybridlerk. Sibirlerk har finhåra kongleskjel med ingen eller svært utydelege striper. Dei blir om lag 3 gonger så lange som dekkskjela. Europalerk har tydeleg stripete og grissent håra kongleskjel, men dei er snaue mot spissen. Dei blir med tida om lag dobbelt så lang som dekkskjela. Årskvistane er om lag snaue hos europalerk, medan dei er finhåra hos sibirlerk. Sidegreinene hos store, gamle europalerk er oftast hengande, noko dei ikkje er hos sibirlerk. 

Kjelder

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/larix-sibirica/ Lasta ned 15/11/2023

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Larix_sibirica.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Forsström L (1990). Occurrence of larch (Larix) in Fennoscandia during the Eemian interglacial and the Brörup interstadial according to pollen analytic data. Boreas 19: 241–248.

Franco, J do Amaral (1993). Larix Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Interactive Agricultural Ecological Atlas of Russia and Neighboring Countries. Economic Plants and their Diseases, Pests and Weeds. (2003-2009) http://www.agroatlas.ru/en/content/related/Larix_sibirica/map/index.html Lasta ned 15/11/2023.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Kullman L (2004). Tree-limit landscape evolution at the southern fringe of the Swedish Scandes (Dalarne province) – Holocene and 20th century perspectives. Fennia 182: 73–94.

Skulberg OM og Skulberg VM (2018). Sibirlerk Larix sibirica plantet ut innenfor tre vegetasjonssoner av Sør-Norge: en amatørbotanikers feltforssøk i tilbakeblikk, 1948–2016. Blyttia 76: 34–46.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sibirlerk Larix sibirica Ledeb. www.artsdatabanken.no/Pages/285828. Lasta ned <dag.månad.år>.