Det finst framande artar som kan komme til å utgjere ein høg økologisk risiko dersom det i framtida skjer endringar i for eksempel klimatiske eller økologiske forhold. Slike artar blir plasserte i ein eigen kategori, potensiell høg risiko PH.

Framande artar blir vurderte etter to aksar. Invasjonsaksen, som viser evna arten har til å etablere og spreie seg i naturen, og effektaksen, som viser i kva grad arten har negativ effekt på naturmangfaldet.

Ytterpunkt gjev same kategori

Artar som er vurderte til kategorien potensielt høg risiko har anten 1) svært god evne til å spreie seg kombinert med liten økologisk effekt, eller 2) svært lita evne til å spreie seg kombinert med stor økologisk effekt. Kategorien består med andre ord av to grupper artar som har diametralt forskjellige eigenskapar.

I arbeidet med å risikovurdere framande artar er 103 artar vurderte til kategorien potensiell høg risiko. I alt 96 av desse tilhøyrer den fyrste gruppa, mens 7 høyrer til den siste.

Stor evne til spreiing – liten effekt

Artar med stor evne til spreiing, men med liten negativ effekt på naturtypar og heimehøyrande artar, har i dei fleste tilfelle allereie spreitt seg vidt i norsk natur.

Om det i framtida skjer endringar av klimatisk eller økologisk karakter, vil desse organismane kunne begynne å påverke naturmangfaldet negativt, eksempelvis ved å fortrengje artar som høyrer heime i Noreg, eller på andre måtar endre økosystema i større grad enn dei gjer i dag.

Liljebille Lilioceris lilii er ein karakteristisk lakkraud billeart med svarte bein, som lever på ulike artar av planta liljer. Dei siste 20 åra har arten spreitt seg i Sør-Noreg, oppover kysten på Vestlandet og nord til Lofoten, og det er forventa at den vil spreie seg vidare i urbane område. Det er usikkert kor mykje den vil spreie seg oppover i høgda og mot nord.

Liljebille er ikkje påvist å leve på viltveksande liljer i Noreg, og den har dermed ingen økologisk effekt per i dag. Det er likevel ein risiko for at arten på eit tidspunkt kan kome til å byte vertsplante slik at ville liljer blir ramma.

Lita evne til spreiing – stor effekt

Motsett har vi framande artar med lita evne til å spreie seg, men med stor økologisk effekt. Desse kan utgjere ein risiko på fleire måtar, f.eks. ved å vere skadelege for truga artar og naturtypar eller ved å vere berarar av parasittar og sjukdomar. Det er generelt viktig å vere oppmerksam på artane i denne gruppa. Sjølv om mange av dei knapt er påviste i Noreg, kan dei kome til å få store økologiske (og økonomiske) konsekvensar dersom det i framtida skjer ei endring i klima eller økologi som gjer at dei får større spreiingevne.

Rhododendron-underarten Rhododendron ponticum baeticum, som har den naturlege utbreiinga si i Sørvest-Spania og sørlege Portugal, er førebels ikkje påvist i Noreg, men blir rekna som ein dørstokkart. Planta blir ikkje seld i Noreg i dag, men har tidlegare vore brukt i hagar og parkar, og finst truleg i botaniske hagar og arboret der den kan spreie seg til naturen med vindborne frø.

Underarten R. ponticum baeticum har i dag eit invasjonspotensiale som blir rekna som lite. Den negative økologiske effekten er derimot stor. I Storbritannia er denne rhododendron-underarten eit alvorleg problem, spesielt i vestlege område og heilt nord til øyane nord for Skottland. R. ponticum baeticum  dannar monokulturar, fortrengjer heimehøyrande artar og endrar naturtypestrukturane der den etablerer seg.

Potensielt høg risiko – enn så lenge

Økologiske effektar av framande artar skal vurderast i eit 50-årsperspektiv. Framtidige effektar er vanskelege å føreseie, men endra klima eller f.eks. arealendringar kan utvide utbreiingsområdet til arten og auke bestandsstorleiken. Ein sannsynleg konsekvens er høgare invasjonspotensial, og/eller ein større økologisk effekt, og dermed ein auke av risikoen. Artar i kategorien potensiell høg risiko kan raskt endre status til høg risiko.